Verdiproving i bygg LNV 2021
Avling ved 15 % tørrstoff 2021.

Forsøksfeltet i Sunndal låg på sandjord, som i utsett for både tørke og utvasking ved store nedbørsmengder. 2021 var ein vekstsesong utan store nedbørsmengder, og det var ingen utvasking av næringsstoff. Feltet vart vatna slik at det ikkje var problem med tørke. Dette viser igjen i avlingstala som jamt over er veldig gode. Ein skal vere veldig forsiktig med å trekke konklusjonar ut frå eitt enkeltfelt eitt år. I figuren har vi difor teke med gjennomsnittet for dei 5 felta i Midt-Norge (Sunndalsfelta er eitt av dei 5).

Ein del av sortane er kjende sortar som har vore dyrka i fleire år. Mange av sortane er nummersortar som enno ikkje er godkjende for sal. Vi vil difor til slutt berre nemne eit par av dei nye godkjende sortane som utmerkar seg.

Birk og Bredo er 6-radssortar med veksttid mellom Brage og Rødhette. I snitt for dei 3 siste åra i Midt-Norge har Bredo lege høgast i avling av desse to. Det har vore registrert litt meir legde og noko mjøldogg i Birk.

Annika er ein Dansk 2-radssort sort som er 1-2 dagar seinare enn Thermus. Annika er sorten med høgast avling i forsøk i snitt for dei siste tre åra. God stråkvalitet og sjukdomsresistens.

Kjelde: NIBIO