Vedtekter:
§ 1 Organisasjon/verksemd
Landbruk Nordvest SA, org.nr. 984 468 822, er eit samvirkeføretak med vekslande medlemstal. Føretaket har forretningskontor i Molde kommune.
§ 2 Formål
Landbruk Nordvest har som formål å fremje dei faglege og økonomiske interessene til medlemmene. Føretaket tilbyr ulike tenester til landbruket og til næringslivet elles, med hovudvekt på det medlemmene har behov for.
Landbruk Nordvest skal fremje det landbruksfaglege miljøet i distriktet.
§ 3 Medlemskap
Alle enkeltpersonar og næringsverksemder med tilknyting til landbruket kan bli medlemmer. Alle medlemmer pliktar å betale ein kontingent som årsmøtet vedtek for kvart år.
§ 4 Utmelding (og utestenging)
Utmelding skal skje skriftleg. Medlemskapen blir då avslutta med ein gong, men alt mellomverande må gjerast opp i samsvar med bestillingar og inngåtte avtalar. Utmeldinga må vere styret i hende seinast innan utgangen av januar for at medlemmen skal sleppe å betale kontingent for utmeldingsåret.
Ved utmelding har ikkje medlemmen krav på noko av formuen til Landbruk Nordvest SA.
Ein medlem som ikkje lenger fyller vilkåra for medlemskap, kan etter skriftleg varsel stengjast ute som medlem etter vedtak i styret. Medlemmen har då høve til å anke avgjerda til årsmøtet. Ankefristen er éin månad rekna frå det tidspunktet medlemmen er gjord kjend med vedtaket i styret.
§ 5 Økonomi
Landbruk Nordvest SA er finansiert gjennom medlemskontingent og inntekter frå sal av tenester til medlemmer eller andre. Medlemskontingenten blir vedteken av årsmøtet, og gjeld for komande år.
Eit eventuelt overskot skal førast over til eigenkapitalen i føretaket, og kan ikkje gå til medlemmene.
§ 6 Styret og dagleg leiar
Føretaket blir leidd av eit styre på inntil sju medlemmer. Dei tilsette har rett til å bli representerte i styret i samsvar med gjeldande lovverk, med styremedlem og varamedlem valde av og blant dei tilsette. Styremedlemmen går inn i styret etter ordinært årsmøte.
Styret held styremøte så ofte styreleiaren finn det nødvendig, eller når to styremedlemmer krev det.
Landbruk Nordvest er forplikta ved underskrift av styreleiar og dagleg leiar i fellesskap eller styreleiar og ein styremedlem i fellesskap.
Styret kan tildele firmateikningsrett.
§7 Styreoppgåver og plikter
Styret har ansvaret for forvaltninga av verksemda. Styret skal leie Landbruk Nordvest i samsvar med vedtekter og årsmøtevedtak, og forvalte midlane til organisasjonen.
Dei tilsette får lønn i samsvar med gjeldande avtalar om lønns- og arbeidsvilkår. Styret er næraste overordna for dagleg leiar.
Det er styret si oppgåve å kalle inn til årsmøte.
§ 8 Dagleg leiing
Føretaket skal ha ein dagleg leiar som styret tilset og eventuelt avset. Dagleg leiar er ansvarleg for å leie føretaket og skal sørgje for at styrevedtak blir sette ut i livet.
Styret avtaler løn og instruks for stillinga.
§ 9 Årsmøte og medlemsmøte
Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av april. Innkalling til årsmøte skal skje med minst 14 dagars varsel. Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret meiner det er nødvendig, eller dersom minst 1/10 av medlemmene krev det.
Medlemsmøte blir haldne i forkant av ordinært årsmøte i naturleg avgrensa område, med samanhengande medlems- og valområde:
- Opp til 75 medlemmer: 1 delegat
- 75-100 medlemmer 2 delegatar
- 100-150 medlemmar 3 delegatar
- > 150 medlemmar 4 delegatar
Årsmøtet skal:
- godkjenne innkalling og sakliste
- velje referent og to personar til å skrive under protokollen
- behandle årsmelding og revidert rekneskap
- vedta disponering av årsresultat
- fastsetje kontingentsatsar for inneverande år
- behandle styret sitt forslag til budsjett og arbeidsplan for inneverande år
- behandle innkomne saker
- gjennomføre val av:
- leiar for eitt år
- styremedlemmer for to år
- nestleiar blant styremedlemmene for eitt år
- tre varamedlemmer i nummerrekkjefølgje for eitt år
- ein medlem i valkomiteen for tre år. Valkomiteen består av tre medlemmer. Den medlemmen som har vore med lengst, er leiar av valkomiteen.
- personlege varamedlemmer for valkomiteen for eitt år
- val av møteleiar med varamedlem for eitt år
- revisor
- fastsetje godtgjersle til tillitsvalde etter tilråding frå valkomiteen
Val av leiar og styremedlemmer skal vere skriftleg.
Innkomne saker som skal behandlast på årsmøtet, må vere styret i hende innan 31. januar.
Årsmøtet vedtek instruks for valkomiteen.
§ 10 Vedtektsendring
Forslag om endringar av vedtektene må vere sende til styret innan 31. januar. Gyldig vedtak om endring på årsmøtet krev tilslutning frå minst 2/3 av stemmene som er gitt.
§ 11 Samanslutning
Styret kan fremje forslag om samanslutning med anna føretak. Saka skal behandlast på første årsmøtet og må gjerast kjend i innkallinga. Gyldig vedtak om samanslutning krev minst 2/3 fleirtal av stemmene som er gitt.
§ 12 Oppløysing
Forslag om å løyse opp føretaket kan fremjast av styret. Vedtak om oppløysing kan berre gjerast av årsmøtet og krev 3/4 fleirtal av stemmene som er gitt, i to årsmøte etter kvarandre. Det siste årsmøtet som vedtek oppløysing, skal også velje eit avviklingsstyre.
Etter at alle økonomiske plikter er dekte, skal den formuen som eventuelt er att, bli ståande i inntil fem år i tilfelle ein ny organisasjon av same art og med liknande formål blir stifta. Desse midlane blir førte over til den nye organisasjonen. Om ein ny organisasjon ikkje er stifta innan fem år, skal midlane som er att, gå til allmennyttige formål innanfor norsk landbruk. Ei endring av dette leddet krev samtykke frå Lotteri- og stiftelsestilsynet for å vere gyldig.
Korleis ein skal disponere utstyr det er gitt mekaniseringstilskot til, skal drøftast med Norsk Landbruksrådgiving. Vedtak om oppløysing skal meldast til Norsk Landbruksrådgiving.
Vedtektene er vedtekne på årsmøte 31. mars 2009
Vedtekne med endring i § 1 på årsmøte 14. april 2010
Vedtekne med endring i § 6 pkt. 4, § 7 pkt. c og § 8 på årsmøtet 13. april 2011
Vedtekne med endring til samvirkeføretak på årsmøtet 17. april 2012
Vedtekne med endring i §3 i Ekstraordinært Årsmøte 6. desember 2012
Vedtekne med endring i § 7 på årsmøte 18. april 2013
Vedtatt med endring i § 1 under årsmøte 16. april 2015
Oppdatering iht forslag til normalvedtekter frå NLR vedtatt på ekstraordinært årsmøte 8.12.2015
Oppdatering iht vedtektsendring i § 9 under årsmøte 2.4.2020
Oppdatering iht vedtektsendring i §§ 2 og 5, vedtatt på årsmøte 14.3.2023.
Årsmelding 2022
Les årsmeldingen for å se hvordan det gikk med Landbruk Nordvest i 2022.