Synneve Øien Frøyen

Det var nok ikkje jobb i landbruket eg skulle ha, hadde du spurt meg for 10 år sidan. Eg er ikkje vaksen opp på ein gard, men eit lite bustadfelt i Florø.

Agroøkologi er kanskje noko du har høyrt om i samanheng med utviklinga av eit meir berekraftig jordbruk og FN sine berekraftsmål. Det er ikkje alltid så lett å forstå kva det eigentleg går ut på, så her kjem ei lita innføring, eller meir ei innleiing, for dette er samansett og komplekst, som det meste her i verda.

Meir enn agronomi og økologi

Agroøkologi er både ein vitskap, ein jordbrukspraksis og ei sosial rørsle. Som vitskap er det ei tverrfagleg og transdisiplinær retning, som vil sei at det er eit samarbeid mellom akademisk forsking og praksis med forskjellige organisasjonar og disiplinar (som bønder og matprodusentar, viktige organisasjonar og lokale myndigheiter). Som jordbrukspraksis vert det beskrive som ei heilskapleg tilnærming, der både økologiske og sosiale konsept vert teken inn i forvaltinga av berekraftige jordbruks- og matvaresystem. Altså, produksjonen av mat er ikkje berre maten som vert produsert, det er eit større system med fokus på eit samspel mellom natur, menneske, samfunn og dyr.

Skape verdiar i fleire ledd

Innan agroøkologi vil ein at matproduksjon ikkje skal gjerast på kostnad av noko, men heller skape verdiar, både for naturen, dyra, menneska og samfunnet. Det vil sei at ein skal avgrense innskota av ressurskrevjande og sterkt naturpåverkande faktorar, som t.d. kunstgjødsel, sprøytemiddel og monokulturar. Støylsdrift, REKO-ring, marknadshagar, andelslandbruk, regenerativt jordbruk og lokale samvirkelag kan alle vere eit eller ein del av eit agroøkologisk jordbrukssystem. Desse praksisane skapar verdiar i fleire ledd. Dei bidreg til lokaløkonomi og lokalsamfunnet på fleire måtar. Dei er med på å halde jorda i drift, fremjar levevilkår for både insekt, plantar, dyr og menneske, gjennom mangfald og oppretthaldinga av kulturlandskapet. I tillegg til å produsere sunn og trygg mat, er dei med på å vidareformidle og vidareføre tradisjonar, kunnskap og kultur. REKO-ring og andelslandbruk er gode eksempel på korleis ein kan leggje til rette for at alle i samfunnet kan lære om matproduksjon og vere meir deltakande og involvert, og dette er med på å minke gapet mellom produsentane og konsumentane, som har auka mykje dei siste 50 åra.

Sirkulære og robuste system

Viktige prinsipp innan agroøkologi er sirkulærøkonomi og kretslaup. I eit agroøkologisk gardssystem er det slik at alle delane er viktige og avhengige av kvarandre for at systemet skal verke, slik at om ein tilfører noko eller tek vekk noko, vil det ikkje verke på same måte, men det må då endrast eller tilpassast. Tek ein vekk ein ting, må det erstattast med noko anna, og dette vil igjen påverke korleis andre delar av systemet verkar. Som til dømes støylsdrifta og utmarksbeiting. Desse vil endre heile systemet om berre ein av dei vert teken vekk. Landskapet vil byrje å gro att, artar vil miste levestader, tradisjonar vil gå tapt, ein vil miste ein god fôrressurs og eit kulturlandskap som vart bygd opp gjennom tusenvis av år. Verdiar som er viktige for alt og alle.

Agroøkologi vil og at matproduksjonen skal verte produsert gjennom system som er robuste og er meir motstandsdyktige mot ytre påverknadar og trugslar. Dette vert gjort gjennom mangfald i produksjonen, som å dyrke meir enn ein type kultur og sort, husdyrgjødsel og kompostert avfall, og vekstskifte, og eit fokus på å ha eit kretslaup som byggjer jord, og legg til rette for positive insekt, heller enn å fokusere på eit endeprodukt. Alt dette gjer at ein er betre rusta mot både jordtrøttleik., skadegjerarar og klimatiske påverknader. Her gjeld det å tenkje langsiktig og levedyktig, ikkje rask profitt her og no.

Dette kan ein skrive uendeleg mykje om, for dette er berre ein del av den store heilskapen, så om du er interessert eller har spørsmål kan du tak kontakt med meg eller sjekke ut lenkjene under for vidare lektyre og informasjon.

Agrookologi2