Lena Abel

Eg er fødd og oppvaksen i Lübeck-området i Nordtyskland. Under og etter skuletida har eg budd og jobba både i Sør-Amerika, i Colombia, og i USA, i Texas og Oklahoma. Men som dei fleste tyskarane har også familien min vore veldig glad i Noreg:

På nokre av markdagane gjennomført før fyrste slåtten vart det snakka om meitemarken og korleis han bidreg til betre jordstruktur og jordhelse. God jordstruktur er viktig for å sikre nok luft, vatn, fysisk spelerom og dermed næring både for organismane i jorda og for planterøtene. Jordas eigenskapar er avhengig av fysiske, kjemiske og biologiske faktorar. Alle tre er like viktige for god plantevekst!

I haust planlegg vi ei rekke med markdagar med tema jord.

På desse markdagane blir det ei kort innleiing om jord og jordhelse, og om korleis du sjølv kan undersøkje jorda di. Mesteparten av tida blir brukt til å grave i jorda og observere.

På markdagane skal vi

  • kjenne på jorda, sjå og lukte
  • måle infiltrasjonshastigheit, altså kor fort vatnet sig ned i jorda
  • sjå etter pakka sjikt, vurdere om jorda er pakka og vurdere jordstrukturen
  • sjå på røter og vurdere korleis plantane har det der nede i jorda
  • telle meitemark og prøve å artsbestemme dei
  • diskutere tiltak for forbetringar

På kvar av markdagane vil det bli brukt nokre minutt på eit ekstra tema.

Les meir om meitemark og Markløftet 2021 her.


Meir informasjon om markdagane og datoar blir sendt ut til deg snart!

20210602 132943