Fôrprøver er det beste utgangspunktet for planlegging og styring av produksjonen i innefôringssesongen. Fôrprøver er ferskvare – analyseresultat frå i fjor bør du arkivere!

Det er best å bruke silobor til uttak av prøver i plan og tårnsilo er det eigentleg ikkje noko reellt alternativ. Du har lite nytte av prøver som er tatt ut frå eit parti av siloen som er brukt opp når analyseresultatet ligg føre.

Du har i prinsippet tre laboratorium å velje mellom når du skal sende inn prøvene til analyse; Eurofins, Ofotlab eller Felleskjøpet Rogaland Agder. Vi har ikkje grunnlag for å hevde at eitt laboratorium er betre enn det andre, så dette er opp til den enkelte å avgjere. Alle tre laboratoria har gode beskrivingar på sine nettsider om framgangsmåten for å sende inn prøvane, men generelt gjeld at

  1. Postens "Retur av småpakker» er den raskaste og rimelegaste innsendingsmetoden. Det skal normalt ta to dagar frå pakken er levert på lokalt postkontor/post i butikk til pakken er framme på laboratoriet. Kvart laboratorium har sin eigen kode som må nyttast for å ta ut etiketten som skal festast til pakka. Nærmare opplysning om dette er å finne på heimesidene til laboratoria.  
  2. Send prøven(e) ein av dei første dagane i veka. Oppbevar prøven i frysaren dersom det går meir enn ein dag frå prøven er tatt ut til han blir sendt. Om du har ein vakuumpakkar for hushaldningsbruk kan du også vakuumpakke prøva. Da treng ho ikkje frysast.
  3. Lenker til laboratoria sine heimesider der ein også finn prislister, bestillingsskjema mm:

Eurofins – Standardpakkene hos Eurofins (NIR næringsinnhold grasensilasje eller grovfôr til hest) kostar kr 765,- .  Dersom fôret innheld meir enn 10% ANDRE vekstar enn gras og kløver må ein bestille kjemisk næringspakke.

Ofotlab - har same standardpakke for alle typar grovfôr (grasensilasje, høyensilasje, høy, heilgrøde, mais) og prisen er 646,-.

Felleskjøpet Rogaland Agder: Pris: 943,-

For alle laboratoria gjeld at analyser av mineralar og hygienisk kvalitet må bestillast særskildt og det kjem tillegg i prisen til standardpakkane.

Dei fleste rådgjevarane i NLR har no tilgang på bor og drill som kan brukast ved uttak av prøver frå rundballar. Vi har også eitt langbor til bruk i plan- og tårnsiloar som kan gå på omgang. Ta kontakt umiddelbart dersom du ønskjer vår hjelp!

Uansett er det lurt å ta ein prat med rådgjevaren din for å få råd, både om kva analyser du skal rekvirere og om rett utfylling av rekvisisjonskjemaet.

Hvordan ta ut gode fôrprøver? Se denne videoen