Vêrstasjonen kan vere nyttig og interessant på fleire måter. Vi presenterer stasjonen litt nærare her, så kan kvar enkelt sjå korleis ein skal vurdere eigen gard mot der denne verstasjonen står. Tidlegare har vi på Sunnmøre bare hatt verstasjonen på Linge å hente opplysningar frå. Og Linge er ei svært vakker bygd, -men ikkje så representativ for engarealet i området.

Kvar ligg stasjonen

Helset ligg i Sunnylvsbygda, i ein dal som går frå sør-aust frå Flofjellet mot nord-vest der den ender i Sunnylvsfjorden. Høgda over havet er 150 meter. Dette betyr at utviklinga td. for enga vil vere seinare ute enn ved dei etablerte stasjonane på Linge, Tingvoll og Surnadal, som alle ligg lågt over havet. For dei som har gardar nær fjorden/ sjøen, vil det nok passe betre å nytte seg av dei gamle stasjonane. Men vi meiner den nye stasjonen på Helset skal vere representativ for mykje engareal i dalane i området.

Skjermbilde 244
Kartutsnitt for kvar på Sunnmøre vêrstasjonen er plassert.

Kva måler vi

Lufttemperatur, regn, vind, lufttrykk og luftfuktigheit blir registrert og sendt kvart tiande minutt. Det er også gravd ned ein jordfuktmålar på ca 15 cm og ein jordtemperaturmålar på ca 20 cm. Informasjonen blir lagra, slik at vi tre som har app tilknytta stasjonen har tilgang på statistikk. Vi held akkurat på å koble verstasjonen til VIPS Landbruk. Håper det gjer at fleire kan få tilgang til informasjonen. I VIPS Landbruk vil stasjonen også koblast til vermeldingar frå Yr, og det vil bli mogleg å gjere ulike kalkulasjoner i Grovformodellen td. døgngrader og haustetidsprognose. Neste år skal det bli mogleg å køyre nedbørs- og vatningsrekneskap frå private stasjonar. No er det bare råd å gjere det frå VIPS Landbruk sine eigne stasjonar på Linge, Tingvoll og Surnadal.

Kva er observasjonane i år

Det er ikkje mange som er opptekne av vatnet når det er passe mykje av det. Frå telen gjekk i jorda og jordfuktmålaren klarte å måle vassinnhaldet, gjekk vassinnhaldet gradvis nedover til det nærma seg 80% fram mot 24. mai. Førebels har vi tenkt å starte vatning når vassmetninga kjem under 80%. Men akkurat da begynte det å regne større mengder. Vassmetninga auka og har no ei stund ligge over 90%. Vi meiner dermed at det har vore nok vatn tilgjengeleg heile sesongen så langt, og har ikkje montert opp vasspreiar på Helset enda.

Jordtemperaturen var på null eller under fram til 8. april. 9. april var jordtemperaturen 0,5 grader, og 10. april var jordtemperaturen 1 grad pluss. Herifrå auka den raskare. Vi har tippa at vekststarten for graset akkurat her var den 10. april. Når vi blir kobla på VIPS Landbruk og Grovformodellen vil den rekne ut døgngrader for oss. Førebels har vi gjort det manuelt, dvs summert dagleg middeltemperatur i lufta for alle dager sidan 10. april. Vi har da brukt 0 grader som basistemperatur. Det går ein diskusjon om kvar basistemperaturen skal settast. Om basistemperaturen skulle ha vore 5 grader, hadde det vori svært lågt tal døgngrader. Pr måndag 29. mai var døgngradene summert på 358,8 grader. Pr. søndag 4. juni var døgngradene summert på 411,8 grader.

Ytterlegare registreringar

Vi vil følge opp området ytterlegare, lære oss å bruke hjelpemidla, og kunne komme med på haustetidsprognosane som har vore utført på Nordmøre og fleire andre stader i landet. Vi gjer difor uttak av prøver etter MSC-metoden, Mean stage by count. Så tilfeldig som råd blir 60 timoteistrå hausta og delt inn etter kor mange blad dei har, kor mange leddknutar dei har, og om akset er på veg. Ved haustinga 29. mai var dei aller første leddknutane komme, på om lag 10 av dei 60 stråa. Da skal det vere ganske akkurat 14 dager til begynnande skyting, dvs slått dersom ein er ute etter høg energikonsentrasjon. 4. juni vart det hausta på nytt. For 37 av 65 strå var det no råd å kjenne akset inni stengelen. Resten av stråa hadde ein eller to leddknutar. MSC vart dermed utrekna til 2,7.

I tillegg blir ei prøve på om lag 700 gram sendt inn til analyse kvar måndag. Posten har så langt ikkje stått oss bi, så vi har ennå ikkje resultat å vise til for analyse. Det blir interessant å sjå kor langt vi etter kvart kan komme med prognoser for grashaustinga.

20230529 185429