Vi kan starte med ein kortversjon av Forskrift om gjødslingsplanlegging (FOR-1999-07-01-791). Fullversjonen finn du på nettet.

  1. Gjødslingsplan før kvar vekstsesong. Fritak bare om du har søkt og fått innvilga fritak frå kommunen (trangt nålauge)
  2. Gjødslingsplanen skal omfatte alt jordbruksareal
  3. Representative jordprøver kvart 4.-8. år. Ny leigejord må ha jordprøver seinast 2. året du bruker den
  4. Utrekning av husdyrgjødselmengde
  5. Må innehalde kart, storleik på skifta, forgrøde, vekst i år, forventa avlingsnivå, utrekna behov for nitrogen, fosfor og kalium, husdyrgjødsel (type, mengde og antatt tidspunkt) og mineralgjødsel (type, mengde og antatt tidspunkt)
  6. Gjødslingsbehovet skal tilpassast jordprøveresultat, vekst og gjødslingsnorm, forventa avlingsnivå og forgrøde
  7. Juster gjødslingsplanen dersom føresetnadane vert endra

I tillegg er det krav om at ein skal føre oversikt over faktisk gjødsling gjennom sesongen. Dette er ikkje eit forskriftskrav, men eit leverandør-/mottakarkrav gjennom KSL.

«Gjødslingsplan før kvar vekstsesong» – kva vil det seie?

Forskrift om gjødslingsplanlegging er ikkje ny. Den er frå 1999. Det som er nytt frå vekstsesongen 2022, er at Møre og Romsdal fylke har gått bort frå ei tolking av forskrifta der dei godkjente gjødslingsplanar for 5 år av gongen, der det var lite endringar frå år til år. Frå 2022 gjeld forskrifta slik den står: Alle bruk skal ha gjødslingsplan framfor kvar sesong. Den kan vere skriven for hand eller på maskin, men den må ha overskrifta og vere datert i forkant av kvar sesong. Den må ha alt innhaldet som står i punkta over, og den må vere utarbeidd av person med tilstrekkeleg fagkompetanse eller i samråd med person med tilstrekkeleg fagkompetanse.

Lovdata gjodslingsplan
Gjødslingsplanen må gjelde rett år og vere rett datert

Ikkje nok med overstryking

Det som ikkje er godt nok, er å stryke ut 2022 og skrive 2023 i staden. Eit minimum av tankearbeid og skrivearbeid må kunne påvisast. Det kan jo her passe å ta med formålet med gjødslingsplan, henta frå §1 i forskrifta:

«Gjødslingsplanlegging har som formål å gi grunnlag for kvalitetsmessig god avling, begrense avrenning til vassdrag og tap til luft av næringsstoffer fra jordbruksarealer. Gjødslingsplanlegging skal sikre en ressursmessig riktig utnytting av næringsstoffer i jordsmonnet og fra mineralgjødsel, husdyrgjødsel, slam og annen organisk og uorganisk gjødsel».

Jordsmonndannende faktorer Ulrike Bayr NIBIO
Jordsmonndannande faktorar Illustrasjon: Ulrike Bayr, NIBIO.

Stort sett tar vi jordprøver kvart 8. år, men kva vil det seie at prøvene skal vere representative?

Ulike naturlege faktorar og ulik handsaming frå oss menneske utgjer dei jordsmonndannande faktorane. Med god lokalkunnskap veit vi mykje om korleis dette varierer rundt på garden, og kan unngå den feilkjelda at vi blander ulik jord i same prøve.

Temakart frå jordkartlegging kan også vere ei god kjelde til vurdering av variasjonen, og hjelpe oss så vi held jordprøvetakinga unna grensesona mellom ulike jordtypar. Eit generelt råd er å ta ganske mange jordprøver på ukjent jord, og så kunne slå saman to eller fleire skifter seinare; dersom analysane viser at dei er temmeleg like.

Det må også takast representative jordprøver og lagast gjødslingsplan på beiter, og her blir det nok slurva ein del. Som regel vil tilrådd gjødselslag variere meir på beiter enn på innmark der ein bruker mykje husdyrgjødsel. pH vil også vere interessant å sjekke opp. Vi ynskjer difor å motivere til å ta jordprøver på beite, -i alle fall nokre få, som illustrert frå heime hos den som skriv.

Skjermbilde 125
Jordprøvetaking også på beiter!