Dei har begge gått med ein draum om å driva ein gard, og å finna nokon dei kunne dele denne draumen med. Dei fann kvarandre, og starta med å kjøpa ein gard av ein bonde som skulle pensjonera seg og som ikkje hadde etterkommarar til å ta over. Dei brukte eitt år på overdraginga, og var då med på fjøs, slått og våronn medan papira kom i orden. Sjølv om dei ikkje hadde ein familiegard å ta over, skapte dei sin eigen.

Utfordringar i banken

Paret har alltid visst kva dei ville, og har bevist at det er mogleg å vera unge bønder, og starta eigen gard. No har dei 31 mjølkekyr og 42 ungdyr med ein kvote på 260 tonn mjølk. Både Birger og Marthe har investert mykje tid og ressursar i garden. Som ungt par på 19 og 20 år var det ikkje enkelt å bli teke seriøst av bankane då dei søkte om eit lån på 9,5 mill. kroner, men dei fann til slutt ein person i banken som forstod deira situasjon, og som ønskte å støtte draumen deira.

Vil drive berekraftig

Paret er oppteke av å driva garden på ein berekraftig måte, og ønskjer å tilpassa seg klimaet og å bruka ressursane rundt garden på ein best mogleg måte. Dei har nyleg oppgradert fjøset med mellom anna vassmadrassar til kyrne, og dei har også teke i bruk ny teknologi som Geospreder, som er ein GPS-styrt kunstgjødselspreiar med seksjonskontroll. Meir og meir av arbeidet på garden går føre seg med presisjonsutstyr, både for å letta kvardagen iform av både arbeidsmengd, men også med tanke på økonomien. Ny plansilo er også under oppføring, for å få reindyrka haustelinja ytterlegare. Dette sparer paret for ein heil del plast, i tillegg til at ein har betre kontroll på avrenning frå ein plansilo, kontra rundball.

Engasjerte

No ser paret også på moglegheita for å byta til jersey-kyr, då dei meiner denne rasen passer godt til deira driftsopplegg, og kan gi økonomiske fordelar i form av feitt og protein. Birger køyrer dyretransport for Nortura i tillegg til å driva garden, han sit også i styret lokalt i bondelaget i tillegg til at han er styremedlem i Averøy Senterparti. Marthe er på garden på heiltid. I tillegg er ho ungdomsrepresentant i Nortura Midt-Noreg, sit i styret i produsentlaget og står på valliste for Senterpartiet til kommunevalet.

Ønskjer å vere positive føredøme

Marthe og Birger ønskjer å vera gode førebilde som positive bønder og legg stor vekt på dyrevelferd og berekraftig drift. Dei håpar at folk vil stemma på dei fordi dei er dedikerte til å driva garden i mange år, og dei ønsker å bidra til matproduksjonen på ein ansvarleg måte.

Dei er opptekne av å utvikla seg og tilpasse drifta etter kvart som dei går framover. Begge ser lyst på framtida som bønder, sjølv om økonomien kan vera utfordrande, og dei håpar at politikarar og samfunnet vil væremed og støtte dei vidare inn i framtida.

Sirivik og Ingeborgvik
Marthe Holthe Sirivik og Birger Gikling Ingeborgvik har i ung alder realisert draumen gjennom å skaffe seg eigen gard. No er dei Møre og Romsdal sine kandidatar til «Årets unge bonde»; ei årviss kåring i regi av Noregs Bygdeungdomslag, Felleskjøpet og McDonald’s. Utnemninga skjer på Dyrsku'n i Seljord 8. september. Pressefoto, «Årets unge bonde».

Dei nominerte i år er:

  • Marthe Holthe Sirivik (22) og Birger Gikling Ingeborgsvik (23), Møre og Romsdal
  • Anders Gåsemyr (25), Vestland
  • Anders Kommedal (30), Rogaland
  • Bendik Nikolaisen (25), Agder
  • Georg (21) og Karstein (23) Kristiansen, Nordland
  • Eli Almaas (25) og Håkon Wolden Bruset (26), Innlandet
  • Elisabeth Berg (22) og Hans Martin Landstad (24), Trøndelag
  • Marthe Bogstad (33), Viken
  • Henrik Møyland (27) og Synnøve Aske (28), Vestfold og Telemark.

Fristen for å stemme er måndag 14. august