Gangen i verdiprøvinga

Det er NIBIO på oppdrag frå Mattilsynet som er ansvarleg for å gjennomføre verdiprøvinga. Graminor, som er norsk foredlar, melder inn nye sortar. Sortane er med i verdiprøvingsfelta i 3 år før dei kan vurderast for opptak i den norske sortslista. Verdiprøvinga blir no i hovudsak benytta til å teste nye norske sortar.

Verdiprøvingsfelta som NLR har ansvaret for ligg hos lokale potetdyrkarar og blir gjødsla, sprøyta og vatna som åkeren rundt. Gjennom sesongen noterer vi m.a. spiring, sjukdom på riset og friskt ris før hausting. Når felta er hausta og avlinga registrert sender vi prøver frå kva rute til NIBIO Apelsvoll. Her blir det gjort omfattande registreringar når det gjeld kvalitet til ulike bruksområde, sjukdomsresistens, lagringseigenskapar, tørrstoffinnhald, indre og ytre knollkvalitet og agronomiske eigenskapar.

Verdi av verdiprøvinga

Av og til kan ein lure på kor interessant det er å gjere forsøk med sortar som berre har eit nummer. Men etter tre år kan ein sort som har gjort det godt i verdiprøving få eit namn, komme på sortslista og bli aktuell for kommersiell dyrking. Da har ein tre år med lokale forsøk å sjå tilbake på, og kan bruke dette til å vurdere fordelar og utfordringar under lokale forhold.

Nye sortar som har vore med i verdiprøvinga

Dei siste norske sortane som er godkjende for den norske sortslista er m.a. dei fargerike «Knallpotetene»: Knallfiffi, Knallstilig og Knallvittig. Gullflaks, Birkeland, Undset og Nordlys er også nye sortar. Nansen og Hassel må og reknast som nye sortar sjølv om mange har stifta bekjentskap med dei etter kvart.

Sortar i årets verdiprøvingsfelt

Verdiprøvingsfelta er tilpassa ulike delar av landet. NLR Nordvest sitt felt er i serien «Verdiprøving halvseine potetsorter i Midt-Norge». Her er det med både sortar til konsum og chips/pommes frites. Målestokksortar i feltet er Asterix, Pimpernel og Lady Claire.

Hos dyrkarane i NLR Nordvest sitt område er det kun produksjon av konsumpotet. I verdiprøvinga no er det fleire gule sortar som ser lovande ut, men det største håpet for verdiprøvinga er at det skal komme ein ny raud sort som er like god som Asterix og samtidig sterk mot sølvskurv.

Verdiprøving potet
NLR Nordvest sitt verdiprøvingsfelt i halvseine potetsortar er klart til setting 11. mai. Feltet ligg i Sunndal og feltvert er Erik Torske.