Her er døme på kva vi kan tilby deg gjennom sesongen:
- Oppfølging av grovfôrproduksjonen gjennom heile sesongen
- Individuell avtale for tett oppfølging med 3-5 gardsbesøk gjennom sesongen frå planlegging tidleg vår til oppsummering sien haust
- Justering av gjødslingsplanene
- Nøye gjennomgang og justering av planen
- Fokus på utnytting av husdyrgjødsla og optimal tilpassing av mineralgjødsla
- Om ynskeleg kan vi vere med å vurdere enga ved gjødslingstidspunktet
- Synfaring av eng om våren
- Situasjonsrapport og tiltak til forbetring
- Verknad av husdyrgjødsla
- Vurdering av tørrstoffinnhald og innhald av næringsstoff
- Ta ut prøve av gjødsla
- Jordstruktur og jordhelse
- Stikkprøver ved bruk av spade
- Jordprofil
- Val av såfrø
- I attlegg og til vedlikehald/reperasjonssåing
- Vurdering av slåtteregime/tal slåttar
- Overgang til bladgrasartar eigna til tre/fire slåttar?
- Frøblandingar tilpassa sterk hjortebeiting
- Markvandring rett før slått
- Vurdering av slåttetidspunkt og ugrassituasjon, basert på utviklingsstadiet i enga og vèrprognosar framover
- Plantevern
- Plan for bekjemping av ugras i attlegg og i eng/beite
- Fôrbestilling frå fjøsen. Konsekvensar for gardsdrifta
- Konsekvens for grassvoren, klimautslepp
- Tiltak for å nå dei oppsette måla
- Planlegging/avlingsprognose
- Avlingsregistrering
- På einskildskifte eller totalt for drifta. Inkluderer fôrprøver og veging av rundballar.
- Surfôrprøver
- Uttak av prøver og tolking av resultat gjennom NLR Surfôrtolken
- Beitedrift
- Heilheitleg beiteplanlegging for alle dyreslag, både intensiv og ekstensiv drift
- Evaluering av sesongen
- Kva gjekk bra og kva gjekk gale?
- Planar for neste år?
- Presisjonslandbruk
- Rådgjevar Lars G. Flatvad kan hjelpe til med råd før kjøp av utstyr og kan hjelpe deg med å kome i gang (oppstartsråd).
- Grovfôrøkonomi
- Vurdering av små og store investeringar, eige utstyr kontra leige; til dømes eige eller leige presse, investere i rake- og vendeutstyr, transportkostnadar, rundball/silo m.m. vi kan òg ta ein full gjennomgang av grovfôrkostnadane på bruket ditt og sjå kva moglegheiter du har for effektivisering.
All utført rådgiving innen grovfôr blir fakturert til medlemspris pr. time. Såleis er dette opplegget godt tilpassa både for deg som vil bruke oss litt, og til deg som vil bruke oss mykje gjennom sesongen!
Om du ynskjer kun justert gjødslingsplan for kommande vekstsesongen er det fint om du heller kan bestille det via linken under. Her kan du gje betre opplysningar om kva du vil ha endra i gjødslingsplanen enn i bestillingsskjemaet ovanfor.