Etter eit treårig, vellukka prøveprosjekt i Trøndelag, Vestland, Agder og Innlandet, vart Mentorordninga i landbruket landsdekkande i 2020. I 2021 deltek 131 mentorpar frå heile landet.

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge regionalt. Det blir gjeve økonomisk støtte over jordbruksavtalen.

Alle mentorpar er tilknytte ein regionkontakt i NLR. Før dei set i gang får dei opplæring i kva opplegget går ut på og kva det vil seie å vere/ha mentor. Opplæringa skjer regionvis, der mentorar, nye bønder og regionkontaktar i NLR møtes.

Mentorpara inngår ein avtale som inneber kommunikasjon og møter gjennom eitt år. Mentor får godtgjering for arbeidet. Tilbodet er gratis for ny bonde.

– Mentorordninga har fungert veldig godt. Mange har nytta seg av tilbodet og hatt stort utbytte av å delta. Dette er eit gjennomarbeida opplegg med opplæring av mentorar, samlingar og oppfølging gjennom året, seier Mette Feten som er ansvarleg for ordninga i NLR.

Ho meiner det er eit godt tilbod til alle som er nye i landbruket, og oppmodar alle ferske bønder til å søkje.

– Du får gode, praktiske råd frå ein erfaren bonde. Av og til kan det vere vanskeleg å spørje ein nabo eller kollega om råd igjen og igjen. Då er det lettare med fast mentor som får godtgjersle, seier Mette Feten.

Mette Feten
– Eg vil sterkt oppmoda alle som er nye i landbruket, eller starter nye næringar på garden, om å søkje Mentorordninga i landbruket, seier Mette Feten som er ansvarleg for ordninga i NLR.

Mette Feten oppmodar erfarne bønder til å melde seg som mentorar.

– Vi treng fleire dyktige bønder som kan dele av sin kompetanse, seier Feten.

Trur du dette kan være noko for deg, er søknadsfristen for Mentorordninga i landbruket 1. desember for påfølgjande år. Lokal kontakt for deg som held til i området til Landbruk Nordvest er Gunn Randi Fossland, som ein og kan ta kontakt med ved spørsmål.

Søk om å delta i Mentorordninga i landbruket for 2022:

Søknadskjema for ny bonde

Søknadsskjema for mentor