Vi inviterer med oss alle interesserte til fagtur. Reise blir i privatbilar. Dagen startar med oppmøte i Lom kl 11.00. Lunsj kl 13 er inkludert i prisen. Programmet fortsett etter lunsj og er ferdig kl 17.00.

Vi legg til rette for felles middag for eiga rekning ved programslutt.

Prisinfo og påmelding

Prisen er sett 900,- kr for medlemmar og 1500,- kr for ikkjemedlemmar, der prisen kan bli lågare ved mange deltakarar. For påmelding, send epost til gunnhild.overvoll@nlr.no eller ring 971 64 856. Påmeldingsfrist tysdag 10. august. I påmeldinga, gje beskjed om du er interessert i samkøyring og i felles middag etter programslutt. Eventuelle allergiar må vi også få beskjed om.