Grunnkurs nettbasert (3 kveldar)

  • Kveld 1: Tysdag 25. mai 2021 kl. 16:30 - 20:00
  • Kveld 2: Torsdag 27. mai 2021 kl. 16:30 - 20:00
  • Kveld 3: Måndag 31. mai kl. 16:30 - 20:00 (inklusiv eksamen)

Lenke til påmeldingsskjema: GRUNNKURS PLANTEVERN

Fornyingskurs nettbasert (2 kveldar)

  • Kveld 1: Tysdag 25. mai 2021 kl. 16:30 - 20:00
  • Kveld 2: Torsdag 27. mai 2021 kl. 16:30 - 20:00 (inklusiv eksamen)

Lenke til påmeldingsskjema: FORNYINGSKURS PLANTEVERN

Du kan også melde deg på til Bjørn Steinar Skarbø, E-post bjorn.skarbo@nlr.no eller tlf. 90 66 26 27.

Påmeldingsfrist: Snarast og seinast onsdag 19. mai kl. 14:00.
Dette av omsyn til utsending av kurslitteratur.

Førelesarar: Del 1: Frode Grønmyr og del 2: Sverre Heggset, Landbruk Nordvest.
Landbrukskontoret i Hustadvika kommune er ansvarleg for avvikling av eksamenane.
Vi må ha til saman 10 deltakarar for å gjennomføre kurset.

Kursinformasjon

  • Fornyingskurset går over to kveldar. Grunnkurset går over tre. Fyrste og den halve andre kvelden er felles for dei to kursa.
  • Kurset føregår via kommunikasjonsprogrammet «Teams». For å delta treng du ei
    operativ E-postadresse og brukbart internettsamband. Ein tilrår bruk av PC på kurset.
  • Oppkopling frå kl. 16:00. Undervisningsstart kl. 16:30.
  • Det vert heimeeksamen begge avslutningsdagane kl. 18:30. Eksamen føregår ved at det vert sendt ut oppgåvesett på E-post som ein får ein og ein halv time til å besvare.
  • Kursavgifta inkluderer kurslitteratur og eksamensavgift.
  • Kursbok og arbeidshefte for grunnkurset vert sendt i posten. Ver derfor nøye med å
    oppgi rett og fullstendig postadresse i påmeldinga. På grunn av postgangen, er det
    ein stor fordel med tidleg påmelding.
  • Fornyingskurset kostar 1.800 kr for medlemmar i Landbruk Nordvest / NLR. For
    deltakarar som ikkje er medlem: 2.300 kr.
  • Grunnkurset kostar 2.800 kr for medlemmar i Landbruk Nordvest / NLR. For deltakarar som ikkje er medlem: 3.800 kr.