I 2020 var det stor pågang etter investeringsmidlane som Innovasjon Norge har. Då sommaren kom var det lite å hente i dei fleste ordningane. Mykje tyder på at noko liknande kan skje i 2021. Innovasjon Norge i Agder melder om stor etterspurnad etter midla, men det er ikkje for seint å søke enno! Har du planar om å bygge eller ominnreie bygget du har kan vi hjelpe til med å lage driftsplan og skaffe annan dokumentasjonen som er nødvendig!
Sjølv om byggeprosess ligg eit stykke fram i tid er det lurt å starte planlegging tidleg. Tenker du at det fyrst er 2022 som du skal bygge bør du like vel starte planlegginga no. God planlegging tek tid! Teikningar og tilbod skal hentast inn – ikkje minst er det viktig å vurdere og finne den beste løysinga for ditt bruk. Me kan hjelpe deg med byggeplanlegging gjennom Førsteråd bygg. Då kjem rådgivar i økonomi på gardsbesøk og finn ut kva som skal gjerast, og oppdrag som byggeteikning, søknader og liknande kan tingast av ein byggrådgivar i NLR. 2022 er og siste året det vert gjeve ekstra tilskott til bygging i tre – så om bruk av tre er ein del av planane dine er det kanskje ekstra viktig å vere «på hogget».
For større saker / søknader vil Innovasjon Norge ha med:
- Teknisk plan med kostnadsoverslag eller tilbod
- Driftsplan / vurdering av lønsemd
- Skattemelding, næringsoppgåve og landbruksskjema siste år (skattemelding også for ektefelle)
- godkjent byggemelding,
- leigeavtalar for jord, mjølkekvote mm
Skal du søke lån i lokal bank må du sende med lånetilsegn, søker du lån i Innovasjon Norge må du legge ved takst.
Vi hjelper til med å lage komplett søknad til Innovasjon Norge!