Utsetting av kurs i Landbruk Nordvest

13.03.2020 (Oppdatert: 13.03.2020)

Rådgjevingsavdelinga i Landbruk Nordvest har bestemt å utsette kurs planlagt i perioden 12-31. mars. Grunnen er dei restriksjonane som er innført for å redusere smittefaren frå Corona-viruset.

Dette gjeld følgjande kurs:

  • Plantevernkurs i Valldal 14. mars
  • Kurs i "Varme arbeider" på Gjermundnes 18. og 19. mars
  • Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av smågnagarmiddel på Åndalsnes 21. mars og Skaret i Molde 26. mars
  • Steinsprekkarkurs på Sjøholt Laurdag 28. mars

Vi tek sikte på å gjennomføre kursa seinare i vår når det vert letta på restriksjonane, og det igjen er tilrådeleg å avhalde slike arrangement. Når dette kan skje, veit vi ikkje, men vi vil ta ei ny vurdering 26. mars.

I mellomtida er du velkomen til å melde deg på kurs om du det ønskjer, og du vil få bli med på kurset når det skal avhaldast.

Landbruk Nordvest vil på denne måten delta i den dugnaden som vert gjennomført for å avgrense smittefaren for Corona-viruset og ber om forståing for dette.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til Bjørn Steinar Skarbø på tlf. 90 66 26 27 eller E-post bjorn.skarbo@nlr.no 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.