Har du lyst å jobbe som rådgjevar hos oss?

06.10.2020 (Oppdatert: 06.10.2020)

Vi søkjer no etter ein landbruksrådgjevar i 100 % stilling i eit vikariat for eitt år.

Då ein av våre rådgjevarar i indre Nordmøre skal ha permisjon, søkjer vi etter ny landbruksrådgjevar i 100 % stilling, i eit vikariat for eitt år.

Vi søkjer etter person med universitets- eller høgskuleutdanning med interesse for og kunnskapar om rådgjeving i jord- og plantekultur. Personar med lågare utdanning, men med relevant praksis, kan også vere aktuelle. Stillinga er tillagt ansvar for rådgjeving i grovfôrproduksjon i region indre Nordmøre. Andre oppgåver kan verte lagt til.

For stillinga gjeld erfaring i bruk av aktuelle planleggings- og analyseverktøy, vil blir tillagt vekt. Likeins evner til god munnleg og skriftleg formidling. 

Rådgjevaren vil arbeide tett opp mot resten av rådgjevarkollegiet i Landbruk Nordvest.

Søkjarane må disponere eigen bil. Oppstart 1.januar 2021, eller så snart råd er, etter det. Kontorplassering og løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillingane hjå avdelingsleiar rådgjeving Jon G. Lied tlf. 414 48 779 eller dagleg leiar Stig Runar Størdal tlf. 941 34 988.

Søknad med CV blir å sende på e-post til: stig.runar.stordal@nlr.no

Kort om Landbruk Nordvest:

Landbruk Nordvest SA tilbyr rådgjevings- og arbeidsformidlingstenester til landbruket i Møre og Romsdal. Landbruk Nordvest SA har om lag 1300 medlemar. Omsetning i 2019 var på om lag 69,5 mill. kr. Landbruk Nordvest SA har avdelingskontor i Ørsta, Valldal, Molde, Tingvoll og Surnadal.

 

Du kan også lese meir Landbruk Nordvest under om oss på heimesida.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.