Ikkje vent med å ha ut gjødsla

07.05.2020 (Oppdatert: 07.05.2020) Jon Geirmund Lied

Med eit langtidsvarsel som no meldar gråver og jamt med regn framover er det fleire som har stilt seg spørsmålet om ein bør ha ut gjødsla no eller avvente. Så kva bør ein gjer?

Illustrasjonbilete teken av Jan Karstein Henriksen

Sjølv om det er kjølege dagar og relativt lite vekst i graset, bør alt areal der veksten er komen i gang få tilført gjødsla så snart som mogeleg, så sant jorda toler køyringa.
Sidan det no er meldt ei veke framover med nedbør; ikkje vente med gjødsling til det blir finevèr att. Ligg forholda til rette for det må dokke prøve å få ut gjødsla snarast. Det gjeld både mineralgjødsla og husdyrgjødsla.


Dersom dokke skal vente kan det fort bli 15. – 16. mai før veret betrar seg. Det bør gå 4 – 5 veker frå gjødsling til slått, både for å redusere faren for sporar, men også for å unngå for høg PBV i foret. Då snakkar vi om slått omkring 20 juni. Får vi ein svært drivande siste halvdel av mai, kan 20. juni bli i seinaste laget om ein ynskjer fôr med høg energikonsentrasjon.

For å unngå å kome i skvis om når ein skal begynne slåtten vil vi altså tilrå å få køyrt ut gjødsla så snart som mogeleg der grasveksten har starta og jorda toler trafikken.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.