Har du lyst å jobbe som rådgiver hos oss?

02.05.2019 (Oppdatert: 02.05.2019) Rune Sjåholm

Då har du sjansen fram til 1.juni! Vi søkjer etter rådgjevar i 100 % stilling med rådgiving innafor grôvforproduksjon på Indre Nordmøre.

Rådgjevargjengen samla ute på felt for skolering om jordstruktur.

Landbruk Nordvest tilbyr rådgjeving og arbeidsformidlingstenester til landbruket i Møre og Romsdal. Landbruk Nordvest har om lag 1300 medlemar. Omsetninga i 2018 var på om lag 65 mill. kr. og vi har registrerte verksemder i Ørsta, Herøy, Valldal, Molde, Elnesvågen, Tingvoll, Sunndalsøra, Surnadal og Aure.

 

Vi ynskjer å styrke vårt tilbod på rådgjeving innan jord og plantekultur og søkjer med dette etter

Landbruksrådgjevar i 100 % stilling med kontorstad Surnadal/Tingvoll

 

Vi søkjer etter ein person med universitets- eller høgskuleutdanning med interesse for og kunnskapar om rådgjeving i jord- og plantekultur. Stillinga er tillagt ansvar for rådgjeving i grovfôrproduksjon i region Indre Nordmøre. Økonomisk rådgjeving/kornproduksjon kan også vere aktuelle arbeidsfelt.

For stillinga vil og erfaring i bruk av aktuelle planleggings- og analyseverktøy bli tillagt vekt, likeeins evner til god munnleg og skriftleg formidling.

Rådgjevaren vil arbeide tett opp mot resten av rådgjevarkollegiet i Landbruk Nordvest.

Søkjarane må disponere eigen bil. Oppstart snarast mogleg. Løn etter avtale.

 

Nærare opplysningar om stillingen kan du få hjå avdelingsleiar Jon Geirmund Lied tlf. 41 44 87 79 eller hos dagleg leiar Rune Sjåholm tlf. 41 90 00 31.

Søknad med CV sendast til:

Landbruk Nordvest v/dagleg leiar

Fannestrandsvegen 93

6415 Molde

 

eller e-post: rune.sjaholm@NLR.no

 

Søknadsfrist 1. juni 2019



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.