Ny søknadsrunde for Mentorordninga

13.10.2020 (Oppdatert: 13.10.2020)

Som fersk gardbrukar i landbruket eller med ny driftsform på garden kan ein få god nytte av å vere med på NLR si mentorordning.

Når ein er fersk landbruksprodusent er det fint å kunne søkje råd og veiledning hos ein meir erfaren landbrukskollega med samme produksjon.

Ordninga er for deg som er heilt fersk landbruksnæringa eller som har vore i landbruket før men no er i ein ny driftsform enn tidlegare. Ordninga gjeld både tradisjonelt landbruk og andre næringar med garden som grunnlag f.eks. Inn på tunet eller lokal foredling. Har du nyleg starta opp eller har begynt med nytt driftsopplegg på garden din kan det vere kjekt å få ein erfaren mentor i samme driftsformen for tips og triks knytt til store og små spørsmål i driftsopplegget. 

Gjennom 1 år møtast dere inntil 5 gongar fordelt på ditt og mentoren sitt gardsbruk. Her er det rom for å stille spørsmål og dele dei utfordringar ein møtar på i drifta, kor mentor bidreg med svar basert på eigen kunnskap og erfaringar i samme produksjon. Ein skal heller ikkje sjå bort i frå at begge synes det er nyttig å få inn ein utanfrå til sitt gardsbruk til å sjå på drifta. Før ein sett i gong med gårdsmøtane skal begge få opplæring i kva opplegget går ut på og kva det vil seie å vere ein mentor. 

Du kan lese meir om ordning og om erfaringane til fleire av tidlegare deltakara på NLR sentralt si heimeside, samt sjå videoen under. Her finn du og søknadsskjema både for deg som søkjer kunnskap og du som ønskjer å vere mentor. Søknadsfrist er 1.desember.

Mentorordninga er gratis for deg som søkjer om å få bli med, samt mentor får dekka utgifter og betalt for tid brukt i forbindelse med rådgiving av fersk gårdbrukar. 

 

Kontaktpersonar for mentorordninga:

 

Prosjektleder: Mette Feten, NLR, 957 52 236 / mette.feten@NLR.no

Landbruk Nordvest: Gunn Randi Fossland, 958 74 243 / gunn.randi.Fossland@NLR.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.