Maskinførerkurs og steinsprekkarkurs hausten 2019

26.07.2019 (Oppdatert: 26.07.2019) Bjørn Steinar Skarbø

I siste halvdel av 2019 blir det arrangert både steinsprekkarkurs og maskinførarkurs hos oss. Vil du delta på eit eller begge kursa kan du lese vidare for informasjon og påmelding.

Maskinførarkurs

Maskinførarkurset er eit 32 timars sikkerheitskurs med som er minstekravet for å føre "masseforflytningsmaskiner" med motorstykre over 15 kWh (20,4 Hk). Dette omfattar t.d. gravemaskin, hjullastar, minilaster, dumper etc. Kravet gjeld og i landbruket og på eigen gard. For å få rett til å køyre slike maskinar, må ein - i tillegg til dette kurset - gjennomføre ein praktisk eksamen for kvar maskintype. Kravet er minst 40 timar praksis på kvar maskintype. Kursdeltakarane må sjølv skaffe seg køyrepraksis og ein fadder som kan sjå til med den praktiske opplæringa.

 

Maskinførarkurs blir heldt 24.- 27.oktober ved Skarstua, Molde.

Program:

  • Torsdag 24/10: Start kl.16.00 med informasjon om kurset, utfylling av dokument og introduksjon
  • Fredag: Full teoridag
  • Laurdag: Startar med teori, avsluttar med øvingskøyring av ulike maskintypar etter lunsj
  • Søndag: Startar med teori, avsluttar med 1 times skriftleg eksamen.

 Fagleg ansvarleg er Kristiansand Truckopplæring ANS.

 

Pris:

Medlemmar i Norsk Landbruksrådgiving: 8 900 kr

Ikkje medlem i Norsk Landbruksrågiving: 9 900 kr

 

Kurskostnaden inkluderar forelesningar, kursbøker og anna kursmateriell, praktisk øving, teoriprøve, praktisk prøve/oppkøyring (når 40 timars kravet er nådd), utsteding av kompetansebevis og mat under kursdeltakelse.

 

Det er fortløpande påmelding fram til 17. oktober. Bruk følgande lenke til elektronisk påmelding.

 

 

Steinsprekkarkurs

Ordninga med såkalla "C-sertifikat" for bruk av dynamitt på eigen gard gjekk ut i 2011. Ved ein alternativ metode - "steinsprekking"- brukast krutladda patroner med elektrisk tenning. Metoden blir fyrst og fremst brukt til kløyving av stein, men er også brukbar på bergnabba og fjellkular. Metoden er vesentleg meir effektiv enn den type steinsprekkarutstyr som har vore tilgjengeleg hittil.

For å kunne bruke denne sprengningsmetoden, er det krav om kurs og sertifikat.

 

Det blir to steinsprekkarkurs før jul

 

Fyrste del av kurset er teoriundervisning med en kort eksamen. Siste del er øving ute. Ta med hjelm og hørselsvern, gjerne "motorsaghjelm", gode sko (gjerne vernesko) og varme kle.

Lærar er Harald Jensen som også er importør og forhandlar av slikt sprengstoff og tilhøyrande utstyr.

 

Pris:

Medlemmar i Norsk landbruksrådgiving: 2 500 kr

Ikkje medlemmar i Norsk Landbruksrådgiving: 3 000 kr

 

Spregningsutstyr og krutpatroner kan du kjøpe ved slutten av kurset. Instruktøren har med betalingsterminal.

 

Det er laga til informasjonsark for begge kursa, trykk på ønska link for å opne dei i PDF.

 

Har du spørsmål til kursa eller vil melde deg på manuelt, ta kontakt med Bjørn Steinar Skarbø tlf. 90 66 26 27 eller e-post bjorn.skarbo@nlr.no

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.