Autorisasjonskurs for nedkjemping av gnagere på gardsbruk

23.10.2019 (Oppdatert: 24.10.2019) Bjørn Steinar Skarbø

Vi arrangerer kurs i dette emnet i Sunndal, Stranda og Molde denne hausten.

  1. Sunndal torsdag 7. november kl. 09.30 - 16.00. Påmeldingsfrist: Onsdag 6.november kl. 16.00. Klikk her for elektronisk påmelding.
  2. Stranda tysdag 19. november 2019 kl. 09.30 - 16.00. Påmeldingsfrist: Måndag 18. november kl. 16.00. Klikk her for elektronisk påmelding.
  3. Skarstua, Molde torsdag 21. november kl. 09-30 - 16.00. Påmeldingsfrist: Onsdag 20. november kl. 16.00. Klikk her for elektronisk påmelding.

 Eventuelt kan du melde deg på til Bjørn Steinar Skarbø tlf. 90 66 26 27 / bjorn.skarbo@NLR.no

 

Instruktør på kurset vert vår nye rådgjevar Hilde Hegnes.

Kurspris er kr. 2.000 for medlemmer i Landbruk Nordvest og Norsk Landbruksrådgiving. Ikkje medlemmer kr. 3.000.

Kurspris inkluderer lærebok, eksamensavgift, lunsj/middag og kaffi. Kurset har 5 timar teoriundervisning og vert avslutta med 1 time skriftleg eksamen.

 

Program:

09.30 Frammøte og kaffi

10.00 Undervisning

12.20 Lunsj

13.00 Undervisning

14.45 Kaffipause

15.00 Eksamen, 1 time

 

Påmelde deltakarar vil få tilsendt læreboka på e-post slik at ein før kurset kan førebu seg til eksamen.

Eksamen kan om ønskjeleg i staden avleggast seinare, men då må ein sjølv gjere avtale om dette med det lokale landbrukskontoret.

 

Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger ein landbrukseigedom, kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel. Føresetnaden for å få slik autorisasjon er at ein:

  • har teke tilleggskurs for gnagarnedkjemping (dette kurset) og bestått eksamen
  • eig eller leiger ein landbrukseigedom (inkludert veksthus)
  • har gyldig autorisasjon for bruk av plantevernmiddel

 

Autorisasjonen kan berre nyttast på eigen eller leigd landbrukseigedom. Veksthus inngår her. Gnagarmidla kan berre brukast i og rundt bygningar. Ikkje i åker eller eng. Kva preperat som vil vere omfatta av ordninga, vil stå på gnagarmidlas etikettar.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.