Ingen planlagte kurs enda for vinteren 2023.
Kurset er eit 32 timars sikkerheitskurs som er minstekrav for å føre "masseforflyttingsmaskiner" med motorstyrke over 15 kWh (20,4 Hk). Dette omfattar gravemaskin (også traktorgravar), hjullastar (også minilastar), dumper, veghøvel, bulldosar osv. Kravet gjeld og for landbruket og på eigen gard.
For å få rett til og køyre slike maskinar, må ein - i tillegg til dette kurset - gjennomføre ein praktisk eksamen for kvar maskintype. Kravet er minst 40 timar praksis på kvar maskintype. Kursdeltakarne må sjølv skaffe seg køyrepraksis og ein fadder som kan sjå til med den praktiske opplæringa.