Ingen planlagte kurs for øyeblikket.
Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger ein landbrukseigedom, kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel. Føresetnaden for å få slik autorisasjon er at ein:
- Har gyldig autorisasjon for bruk av plantevernmiddel
- Har teke tilleggskurs for gnagarnedkjemping (dette kurset) og har bestått eksamen
- Eig eller leiger ein landbrukseigedom (inkludert veksthus)
Autorisasjonen kan berre nyttast på eigen eller leigd landbrukseigedom. Gnagarmidla kan berre brukast i- og rundt bygningar. Ikkje i åker og på eng. Kva preparat som er omfatta på ordninga, står på gnagarmidlas etikettar. Reglane for autorisasjon for bruk av gnagarmiddel er teke inn i "Plantevernforskrifta".
Kurset har 5 timer teoriundervisning og vert avslutta med 1 time eksamen. Påmelde deltakerar vil få kursheftet tilsendt på E-post slik at ein før kurset kan førebu seg til eksamen. Ei trykt utgåve vert delt ut på kurset.
Program:
- 09.30 - Ope for frammøte og kaffi
- 10.00 - Undervisning
- 12.20 - Lunsj/middag
- 13.00 - Undervisning
- 14.45 - Undervisningsslutt - kaffipause
- 15.00 - Eksamen, 1 time
Eksamen er ein del av kurset. Den kan om ønskjeleg i staden avleggast seinare, men då må ein sjølv gjere avtale om dette med det lokale landbrukskontoret.