Kurset er eit 32 timars sikkerheitskurs inkludert praktisk grunntrening som er minstekrav for
å føre «masseforflyttings-maskiner» med motorstyrke over 15 kW (20,4 Hk). Dette omfattar gravemaskin (også traktorgravar), hjullastar (også minilastar), dumper, veghøvel, bulldosar o.s.v. Kravet gjeld også for landbruket og på eigen gard.
For å få rett til og føre slike maskinar, må ein - i tillegg til dette kurset - gjennomføre ein praktisk eksamen for kvar maskintype. I tillegg må ein ha praksis på aktuell maskintype. Kravet er minst 40 timar praksis på kvar maskintype; og kursdeltakarane må sjølv skaffe seg køyrepraksis og ein fadder som kan sjå til med den praktiske opplæringa.
Fagleg ansvarleg
Kristiansand Truckopplæring ANS, (sertifikatnummer ATS-041 og sertifisert av ASAS)
Kursprogram
Torsdag 26/10: Start kl. 16:00 Informasjon om kurset, utfylling av dokument og introduksjon
Fredag 27/10: Full teoridag
Laurdag 28/10: Startar med teori. Øvingskøyring av ulike maskintypar etter lunsj
Søndag 29/10: Startar med teori. Avslutning med 1 times skriftleg eksamen
Pris
Medlemmar i Norsk Landbruksrådgiving: 8 900 kr
Ikkje medlem i Norsk Landbruksrådgiving: 9 900 kr
Kursprisen inkluderer forelesningar, kursbøker og anna kursmateriell, praktisk øving under kurset, teoriprøve, praktisk prøve/oppkøyring (når 40 timars-kravet er nådd), utsteding av kompetansebevis samt middag og kaffi/småmat alle dagar.
Vi må ha meir enn 13 deltakarar for å gjennomføre kurset.
Det er fortløpande påmelding fram til fredag 20. oktober. Bruk følgjande lenke til påmelding: Maskinførarkurs 26.-29. oktober 2023
For nærare informasjon og påmelding kan du òg kontakte Bjørn Steinar Skarbø, Tlf. 90 66 26 27, E-post: bjorn.skarbo@nlr.no.