Hadde knapt hausta eit grasstrå utan vatningsanlegg i år

09.01.2019 (Oppdatert: 10.01.2019) Bjørn Steinar Skarbø

- Hadde vi ikkje hatt vatning, ville det vore heilt katastrofe i år, seier Olav Finnset i Eikesdal. Alt ville blitt avbrent, og eg veit ikkje om eg hadde fått hausta ein einaste rundball, seier han. Takka vere vatningsanlegget kunne han i staden ta ei normalavling av god kvalitet.

 

- Hadde vi ikkje hatt vatning, ville det vore heilt katastrofe i år, seier Olav Finnset i Eikesdal. Alt ville blitt avbrent, og eg veit ikkje om eg hadde fått hausta ein einaste rundball, seier han. Takka vere vatningsanlegget kunne han i staden ta ei normalavling av god kvalitet.

 

Garden til Olav Finnset ligg øvst i Eikesdalen 185 meter over havet der vegen opp Finnsetlia over Aursjøen til Sunndalsøra startar.

- Eikesdalen er av dei tørraste dalane i landet, mest å samanlikne med Skjåk og Lesja, seier han. Jorda er tørkesvak, og vind og varme aukar på uttørkinga.

I tillegg vart grunnvatnet kraftig seinka etter Aura-utbyggingane (kraftproduksjon) på 50-talet. Den førte til at det meste av vatnet som før naturleg rann i elva gjennom Eikesdalen, vart ført bort frå dalen til kraftverk i Torbudalen og Litjdalen ned mot Sunndalsøra.

 

Sidan 1974

Vatningsanlegget i Eikesdal vart seinare (i 1974) bygt som kompensasjon for følgjene av kraftutbygginga. Den hadde ført til ein kraftig av reduksjon av vassføringa i Eikesdalselva og seinking og grunnvatnet i dalen.

- Anlegget er i to deler, fortel Finnset. I den øvre del av dalen hentar vi vatn frå Ravnåa. Det er basert på sjølvtrykk. I Nedre del av dalen kjem vatnet frå Sandgrova. Her vart det tidlegare pumpa for å oppnå høgt nok trykk, men no har også det sjølvtrykk. Begge plassar er trykket rundt 12 kg, fortel han. Og sjølv i år var det nok vatn til anlegget, om enn det ikkje var meir enn som trongtes i den nedre delen.. Vatnet vert fordelt via nedgrave leidningsnett til hydrantar plassert på dei ulike jorda som skal vatnast. Vatninga føregår dels ved hjelp av spreiarar og dels med vatningsvogner. I alt er det 20 vatningsvogner i dalen.

- Kvar av dei brukar 20 m2 pe, r timeog slik det var i år, vatna vi kvar 3-4. dag. Det vert store mengder vatn til saman, og i år ekstra stor belastning på anlegget av same grunn med fleire røyrbrot som følgje, legg han til. Deler av anlegget vert også brukt til drikkevassforsyning.

 

Har sjeldan klart seg utan

- I åra 2016 og 2017 kunne vi nok klart oss utan vatning, seier han, men dei andre åra sidan dei fekk anlegget i 1974, har dei hatt god bruk for det.

- Og i år fekk det verkeleg prøvd seg, legg han til.

Finnset haustar 300 dekar grasmark og har 9 vatningsvogner som han brukar.

- Med såpass mange vogner kan eg ha mange av dei ståande permanent og sleppe å flytte dei, seier han.

Dette er vogner som ein plasserer i eine enden av jordet, dreg ut slangen og koplar til hydranten i andre enden. Så trekkjer vogna seg over jordet ved å "snelle" inn slangen med vasstrykket som drivkraft.

- Med slangen rett utlagt, får vi vogna til å gå der den skal slik at vatninga vert optimal, seier han.

Ein heil del arbeid

At vatning er arbeidsamt, legg han ikkje skjul på. Det heile skal passast på. Vogner skal trekkast ut og startast. Når sesongen er slutt, gjeld det å tømme vognene for vatn og så må dei ha service. Det er særleg girkassene og framdriftssystemet som må ettersjåast, smørjast, olje må fyllast og deler skiftast ut frå tid til anna.

- Eg har eit fast program med vedlikehald i løpet av hausten / vinteren, fortel han. Då er vognene klar til innsats neste vekstsesong.

I tillegg til ansvar for vatningsvognene sine, er han også driftsansvarleg for fordelingsnettet gjennom dalen. I år var

 

Råka mange

Tørken sist sommar råka mange. Verst på Austlandet og Sørlandet / Rogaland, men også Møre og Romsdal vart kraftig råka og berre ein bra tredjeslått berga ei sånn nokon lunde avling totalt sett, i mengde.

- Her tok vi ei normalavling, vil eg seie, fortel Finnset. Og med god fortørke fekk vi mykje gras i ballane, og kvaliteten vart god. Utan vatningsanlegg ville det ikkje vore råd å drive landbruk i Eikesdalen. Så enkelt er det, slår han fast.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.