God oppslutning om voksenagronomkurset på Gjermundnes

09.01.2019 (Oppdatert: 15.01.2019) Jon Geirmund Lied

Hausten 2017 starta Gjermundnes Vidaregåande skule eit 2 årig utdanningstilbod; Vaksenagronom Tilbodet var tiltenkt vaksne personar (over 25 år) med ønske om å ta agronomutdanning, men som ikkje hadde høve til å vere heiltidselev.

 

 

Hausten 2017 starta Gjermundnes Vidaregåande skule eit 2 årig utdanningstilbod; Vaksenagronom

Tilbodet var tiltenkt vaksne personar (over 25 år) med ønske om å ta agronomutdanning, men som ikkje hadde høve til å vere heiltidselev. Tilbodet var populært. Nærare 40 kvalifiserte søkarar konkurrerte om dei 14 studieplassane.

No er alle 14 elevane komen godt i gang med 2 skuleåret. For skulen kan det tolkast som at tilbodet har god relevans.

 

Stor interesse for tilbodet

Åsmund Skålvik som saman med Hilde Legernes er fagleg ansvarleg for tilbodet, fortel at søkarmassa var over all forventning. Med nærare 40 søkarar og berre 14 studieplassar måtte dessverre mange få avslag på søknaden.

Gruppa som starta opp hausten 2017 har deltakarar frå alle delar av fylket, med brukbar fordeling mellom kvinner og menn. Flesteparten av dei har nyleg overteke, eller skal overta gardsbruk i næraste framtid. Dei fleste større produksjonane i Møre og Romsdal er også representert.

 

Helgesamlingar og eigenstudium mellom samlingane

Undervisninga er lagt opp med helgesamlingar på Gjermundnes ein gong i månaden frå september til april fortel Åsmund Skålvik. Mellom samlingane må elevane arbeide med pensumet på eiga hand, men dei kan og ha oppgåver som dei må arbeide med mellom samlingane.

I studieopplegget er det jordbruksfaga som er prioritert m.a. jord og plantefag, husdyr, teknikk, skogbruk og utmark, driftsleiing og landbruksjus. Dei vanlege allmenfaga, som t.d. norsk er dermed utelatne i undervisningsopplegget på Vaksenagronomen.

Helgesamlingane er intense, med inntil 9 timars teoriundervisning. Rektor på Gjermundnes vidaregåande skule, Ådne Haarr er derfor glad for at skulen kan tilby overnatting for dei med lang reise til skulen. - Dette er viktig slik at vi kan gje dette tilbodet for elevar frå heile fylket.

 

Næringa etterspurde tilbodet

Ådne Haarr fortel at skulen fekk førespurnader frå næringa om dei ikkje kunne gje tilbod om agronomutdanning som deltidsstudium for vaksne. Med god hjelp frå landbruksavdelinga hos fylkesmannen, samt fylkeskommunen, fekk ein finansiering på plass. Med moderate forventningar vart tilbodet annonsert på ettervinteren 2017.

 

Planlegg å starte nytt kull hausten 2019

Med utgangspunkt i den store søknadsmengda som var på det første kullet, ynskjer skulen å tilby kurset på nytt, med oppstart hausten 2019. - Vi har også for det neste kurset fått tilsagn om tilskot frå fylkeskommunale etterutdanningsmidlar, slik at også for dette kurset kan eigenandelane frå elevane haldast lave, seier Haarr. Han viser elles til eit rykande ferskt skriv frå Landbruks og matdepartementet der det er løyvd midlar til ei nasjonal ordning over jordbruksavtalen. Det kan dermed sjå ut til at Vaksenagronomutdanninga på Gjermundnes kan bli ei fast tilbod.

-Vi har allereie no fått førespurnader frå interesserte. Ny utlysing kjem på etterjulsvinteren, seier Åsmund Skålvik. Vi håper altså på å kome i gang med ei ny gruppe frå hausten 2019. Opplegget blir truleg om lag etter same mal som dagens, der vi i tillegg til eigne lærekrefter, også leiger inn fagpersonar frå Landbruksorganisasjonane.

Vaksenagronomtilbodet kjem oppå den lovpålagde undervisninga på Gjermundnes vidaregåande skule. For skulen er Vaksenagronomen heilt klart berre positivt, og noko som vi ynskjer å kunne tilby også i åra framover avsluttar rektor Ådne Haarr.  

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.