Vårbeite til sau

30.12.2017 (Oppdatert: 31.01.2018) Nina Iren Ugelvik

"Markje grønas, snojen bråna, fjell bli bart og lauvet sprett. Murinykjen står 'ti dalom, kue e fe eta mett. Alt som leva byrkje kreke, bjønnen kjem tå hie fram. Utfor fjøse spring fornøgde ku og kalv og sau og lam." Med første verset av songen Sæterreise av Edvard Storm på hjernen, er ein klar for ein ny vår med lamming og beiteslepp. Eller heilt klar er ein nok ikkje, ettersom det er noko planleggingsarbeid som trengs før vårens vakraste eventyr er i gong. Her kjem ei lita oppfrisking i kva som kan vere lurt å hugse på for vårbeita sin del.

 

1. Skisser ei beiteplan for sesongen.

Legg ei slagplan korleis du vil utføre årets beitepraksis. Då er du i framkant og kan sikre gode beite til ein kvar tid. Planlegg ut ifrå lammetidspunkt, arealstørrelse, tal søyer, beitekvalitet, rekkefølge på areal som skal beitas og kor lenge dyra skal gå på kvart beite. Ei søye med lam kan ta opp minst 3 kg tørrstoff dagleg, så beitet bør til ein kvar tid tilby 4- 5 kg tørrstoff for å sikre godt nok opptak. Går sauane på same fulldyrka areal i to veker om våren kan arealbehovet vere 0,7 dekar pr. søye, mens på kulturbeite aukar behovet til 1,2- 1,6 dekar pr. søye. Er det areal ein skal ta slått på seinare kan det vere lurt å ta avbeiting på desse først. Då får veksten tid til å komme seg att, samt ein stimulerer til busking. Har ein høve til det bør ein også velje areal med låg smittepress av parasittar. Av beiteopplegg kan skiftebeiting tilrådast, slik at søya har tilgang på ungt gras heile tida.

 

2. Gå over beitearealet

Sjekk gjerda om dei er i stand sidan førre beitesesong og juster eventuelt gjerdeoppsett etter beiteplana lagt i første punkt. Skal ein nytte naturleg vasstilførsel bør ein svinge nedom og sjekke kvalitet og tilgangen også. Korleis er det med tilgang på ly og er det noko som må gjerast av justeringar på beitet før beiteslepp? Gå gjerne over arealet fleire gongar i løpet av sesongen også og vurder visuelt grasvekst og tilstand. Er det til dømes mykje ugras og skal det bekjempast i løpet av sesongen?

 

3. Set ei slagplan for gjødsling, kalking og plantevern

Sjekk jordprøvane og gjødslingsplana for kvart areal som skal beitast og juster gjødslinga etter behov. Ta omsyn etter korleis marka ser ut og plantesamansetning, er det t.d. gammal kulturmark eller ny eng? Dei kan gje ulik avlingsmengde samt ha ulike næringsbehov. Start tidleg med vårgjødsling med 2.5-3 kg nitrogen pr. dekar optimalt sett 14 dagar før beiteslepp. Husk å tilpasse gjødslingstidspunkt for kvart beite etter beiteslepp planlagt i første punkt.

 

Ikkje gløym pH verdien i jorda! Ha fokus på god pH på beita også ettersom gjødsling på sur jord er som å fiske utan krok. Du får ikkje noko utbytte av det. Gjerne ha som mål å ligge rundt pH 6,0. Då er næringsstoffa i jorda lettast tilgjengelig og plantaene trivast. Enkel regel er 100 kg kalk aukar pH verdi med 0.1 eining. Sjekk også jordprøveanalysa korleis magnesiumverdien (Mg-AL)

i beita er. Kjem den under 5 bør ein kalke med magnesiumhaldig kalk då mangel kan gje fare for graskrampeutbrot. Ligger ein rundt 9 i verdi er det gunstig.

 

Skal det gjerast tiltak mot ugras er det lurt å ha eit opplegg for det og. Kva skal bekjempast, når skal det gjerast og korleis? Å ha plana klar i forkant lettar praksisen. Husk å notere i plantevernjournalen undervegs.

 

4. Dyreslepp

Dyra bør komme ut på beite så snart som råd og helst innan 14 dagar etter lamming. Overgangsfôringa er viktig for mjuk tilvenning for vommikrobane. Bruk gjerne om lag ei veke etter beiteslepp med nedtrapping på både kraftfôr og grovfôr. Start gjerne vårbeitinga i det marka grønast eller grasveksten er maks sju cm. Har ein muligheit til det, kan kort opphaldstid første tida på beite i god vekst vere lurt. Husk å flytte dyra ofte ved beiting på ungt gras for å unngå snaubeiting. Seinare avbeitingar er best når grashøgda er 10- 15 cm for så å beite ned til maks. fem cm.

 

Har ein mykje trillinglam bør ein vurdere støttefôring ute med kraftfôr til lamma for å sikre høg tilvekst.

 

Husk også å ha tid til å observer dyra for å vurdere atferd, helse og beitebruk. I tillegg er det fare for å få godt humør av det, særleg om vårsola slepp til.

 

5. Vedlikehald og etterstell

Etter avbeiting er det gunstig å gjødsle med ein gong til neste beiteomgang eller 1.slått. Fleire og svakare gjødslingar på beiteareala er å føretrekke for å sikre jamn vekst utover i sesongen. Enkel regel er å gjødsle

1 kg N per veke beitet får kvile til neste beiting. Gjerne puss over beiteareala etter avbeitinga for å tyne ugras og gi jamn gjenvekst på graset. Skal planteverntiltak utføres kjemisk må behandlingstid tas omsyn til før neste beiting.

 

Å tilby nok og godt vårbeite kan gje opptil 4 kg høgare haustvekt på lamma samanlikna med ein situasjon med avgrensa tilgang på vårbeite. Det vil altså lønne seg å ha ei slagplan klar i forkant korleis du skal oppnå gode vårbeite, samt sikre beitekvaliteten vidare i sesongen. Lykke til med lamminga!

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.