Mange har undra seg over brun oreskog tidleg på sommaren i år, det skuldast som regel orebladbilleangrep.
Det har vore ein del orebladbille siste åra, men i år har det vore enorme angrep i enkelte område. Dette er ei lita brunstripa bille som legge egg på oreblada. Ofte kan det vere 10 larvar på kvart blad, etter kort tid vil det då vere berre nervane att av bladet. Det skjer år om anna at enkelte insekt får ei ekstrem oppblomstring for så gå tilbake att. Vi har nok ein levedyktig bestand av oretre på våre kantar, men eit eller fleire år med så sterke insektangrep kan likevel sette trea kraftig tilbake.
Landbruk Nordvest
Fannestrandvegen 63, 6415 Molde
Telefon: 911 36 019
E-post: nordvest@nlr.no
Org.nummer: 984468822