Slangesspreiing av husdyrgjødsel

30.12.2017 (Oppdatert: 31.01.2018) , Bjørn Steinar Skarbø

Det er heilt utruleg kor mykje betre det er med slangespreiing enn med køyring i tankvogn, fortel dei tre som driv Stordal Samdrift. For tredje året nyttar dei no innleigd firma til å få ut gjødsle om våren.

Denne siloen og eit lager til med til saman 2.900 m3 gjødsel vart i vår tømt og spreidd i løpet av knappe fire dagar, fortel f.v. Per Ivar Skodjereite, Jon Geir Selboskar og Bente Selboskar i Stordal Samdrift.

Sjølv om veret på ingen måte var med dei, fekk dei spreidd 2900 m3 gjødsel frå to lager på knappe fire dagar no i vår. Med gjødselvogn ville det vore uaktuelt å køyre dei same dagane.

- Folk i sentrum av Stordal har spurt oss om vi ikkje snart skal køyre myker, og blir forundra når vi fortel at det er vi ferdig med for lengst. Dei har ikkje merka det minste til lukta, fortel Bente Selboskar som held fram dette som ein viktig faktor saman med miljøgevinsten i form av mindre traktorkøyring, mindre jordpakking og betre agronomisk utnytting.

- Det er klart det blir noko anna når det gjeld lukt med ein slangespreiar som slepper gjødsla i fri stråle rett over bakken samanlikna med ei vogn som spruter i vilden sky, seier Per Ivar Skodjereite.

 

Det er no tredje året Stordal Samdrift leiger inn maskinentreprenør Odd Einar Fjørtoft frå Fjørtofta i Haram til gjødselkøyringa. Han har slangespreiarutstyr som rekk inntil 2200 meter ut frå traktoren som pumpar gjødsla frå lagera. Med dette klarar han å pumpe ut rundt 120 m3 per time.

- Skulle vi køyrt dette med tankvogna vår som tek 6m3, ville det blitt meir enn 480 lass og teke 160 timar om vi hadde klart tre turar i timen. I praksis måtte vi hatt minimum to og helst tre vogner, og dei ser med skrekk og gru på kostnad tidsbruk og ikkje minst miljøkostnadane dette ville medført. Særleg det å skulle køyre med gjødselvogner på offentleg veg, forbi (og spreie ved) skule (med to fartsdumpar), sjukeheim, kyrkje, butikk og kafé med dei negative reaksjonar det skaper. Sjølv på landsbygda.

 

 

No er rett nok jorda i Stordal svært beresterk og turkar fort. Såleis kan ein klare seg betre med tankvogn der enn mang ein annan stad i fylket. Likevel ser dei ein ikkje uvesentleg grad av køyreskader etter tankvogn også her.

Jorda ligg dessutan slik til at dei med rimeleg slangeutlegging når store deler av areala sine. I tillegg bytespreier dei gjødsel med ein annan gardbrukar der jordstykka ligg slik til at det er høveleg.

- Samanlikna med jordsmonnet vi har ute på Fjørtofta, er det reine paradiset å spreie her inne, siterer dei maskinentreprenør Odd Einar Fjørtoft

 

 

- Same kva jordsmonn og fukttilstand det er i jorda, må det vere betre for jorda med slangespreiing enn med tankvognkøyring, slår dei fast.

Framleis er det slik at dei berre nyttar slangespreiing til fyrsteslåtten og framleis tankvogna til andreslåtten. Men no har dei planar om å bygge eit stort satelittlager slik at dei kan samle opp gjødsel for heile året og avgrense til ei utkøyring i året.

 

 

- Det vi kunne ønskje oss for framtida er faste røyr i bakken og koplingspunkt for å sleppe og bruke så mykje utlegging av slange, seier Jon Geir Selboskar. Dette er noko dei ser føre seg kan bli aktuelt i samband med ein planlagt veg i området og det kan også bli snakk om å legge ned enno meir røyr i samband med tankar om å etablere biogassanlegg i bygda. Håpet er også å leggje røyr som kryssar hovudvegen slik at dei meir lettvint kan nå areal på andre sida av.

Dei vurderer også om dei skal legge ned permanent rør mellom dagens lager og det planlagte satelittlageret for overpumping av gjødsla i staden for å leige vogntog til transporten. Det nye lageret er på ca. 2200 m3 netto, og det vert mange lass sjølv om vogntoget tek 30 m3.

 

 

Ettersom vi driv i samdrift og betaler for alt arbeid, veit vi også kva ulike arbeidsoppgåver kostar, og det har gjeve oss mang ein aha-oppleving om kor mykje det kostar og kvar det lønner seg å sette inn investeringar eller leige entreprenørar med stor kapasitet slik som Fjørtoft og hans slangespreiingsutstyr, fortel Per Ivar Skodjereite.

- Det er klart at det ligg store grunnlagsinvesteringar for ein maskinentreprenør, og også han må leige med seg folk. Men det er færre folk og jobben vert gjort langt raskare; og med mange kundar, er det fleire å fordele kostnaden på. På den andre sida kostar ei 6m3 vogn rundt 180.000, og det er peng det òg.

Dermed ser dei fram til å nytte seg av han også i åra som kjem.

Ulempa med ein entreprenør er at det er mange som vil nytte han samstundes, men der er vi heldige i Stordal der jorda er slik at ein kan starte før dei fleste andre.  

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.