Kva dekning er det eigentleg snakk om?

Det er mykje snakk om dekning og satellittar, men kva går det eigentleg ut på? Når det er snakk om satellittar i landbruket er det to begrep som det er viktig å ha kontroll på: navigasjonssatellittar og korreksjonssatellittar.

Navigasjonssatellittar

På fagspråket omtala som GNSS (Global navigation satellite system). Det er fleire satellittar som svever rundt jorda og dannar eit slags nettverk rundt kloden. Fleire land har sine eigne system: USA har GPS, Russland har GlONASS, Europa har Galileo og Kina har BeiDou.

GPS og GLONASS er mest nytta. Desse satellittane sender posisjonsdata. Når ein får inn data frå fleire satellittar kan ein "krysspeile" og dermed finne posisjonen sin.

På grunn av at navigasjonssatellittane svever i diverse baner rundt jorda, har ein nesten alltid kontakt med fleire av desse uansett kvar ein er i landet. Problemet med navigasjonssatellittane er at nøyaktigheita på posisjonen ofte kan variere med fleire meter, noko som kan føre til problem om ein skal bruke presisjonsutstyr basert på satellitt. Det er her korreksjonssatellittane kjem inn.

Korreksjonssatellittar

Disse er geostasjonære satellittar som sender data for å korrigere signala frå navigasjonssatellittane. Derme aukar presisjonen på desse ned mot 20 cm. Det at satellittane er geostasjonære betyr at dei står ein viss avstand frå jorda over ekvator. Dette lar satellittane gå rundt jorda like raskt som jorda roterer, som igjen fører til at dei "står stille". Denne typen korreksjon kallast SBAS (Satellite- based augmentation systems), og i Europa har vi eit gratis system som kallast EGNOS. John Deere leverer eit eige SBAS signal som og er gratis, men bortsett frå dei, nyttar alle dei andre leverandørane EGNOS.

Skygge

Sidan desse satellittane står i sør og vår region er relativt langt nord, vil terrengformasjonar i sør kunne skygge for signala frå korreksjonssatellittane. I dei indre delane av vår region kan fjell mot sør difor vere ei stor utfordring.

Når det er snakk om måling av dekning meinast det om ein får inn signal frå korreksjonssatellittane.

Dekker mesteparten av regionen

Etter vårens runde har vi no målt dekning etter vegen i dei fleste områda der vi mistenker at det kan vere problem. På figuren under kan ein til høgre sjå at vi med den siste målinga no dekker eit betydelig større område i forhold til den gamle målinga til venstre. Det er særleg dei indre delane av fylket med djupe dalar som er betre kartlagt no, sidan det var der vi såg størst fare for mangel på korreksjon.

Malingar more og romsdal 2020
Til venstre: dekningsmålinga 2020, til høgre: dekningsmålinga 2021. Typisk for resultatet er at det er problem i område med fjell i sør.
Malingar more og romsdal 2021
Til venstre: dekningsmålinga 2020, til høgre: dekningsmålinga 2021. Typisk for resultatet er at det er problem i område med fjell i sør.
Dekningsbilen 1
Dekningsmåling i Eikesdalen. Foto: Lars Gunnar Flatvad.

Kartverktøy

Informasjonen frå dekningsmålinga er lagt inn i eit kartvertøy som ein kan følge med på kor det har vorte kartlagt dekningsgraden.

I dette verktøyet er det mogleg å samanlikne system frå forskjellige leverandørar og sjå om det er ein leverandør som utmerkar seg på din gard. På den gamle målinga viste dei raude punkta at det ikkje var signal og blått at det var signal. Grønt betyr at det er tilgang på RTK, men dette vart ikkje måla overalt.

På den nye målinga betyr lys- og mørkeblått at det ikkjeer korreksjonssignal og grønt betyr at ein har korreksjonssignal. Raudt betyr at det er tilgang på Rangepoint RTX, som er eit satellittlevert signal med noko høgare presisjon enn EGNOS.

Mange stader i grensesona

Om garden din ligg i eit område med berre blått på kartet, må ein rekne med at ein ikkje har korreksjonssignal. Dekningsmålinga viste og at det var mange stader ein hadde veldig varierande dekningsforhold. På dei stadene med dekning som ligg veldig flekkvis inne i blå område, kan ein ikkje ut ifrå denne målinga med sikkerheit fastslå at ein har korreksjon. Det kan då hende at det er behov for ei ekstra måling eller nøyare undersøking av kart.

Nyttar ulike satellittar

Det er forskjell på kva maskinleverandør ein nyttar. John Deere har eigne korreksjonssatellittar som står litt forskjellig frå EGNOS satellittane. Dette gjer at på ein plass der ein ikkje har korreksjon med EGNOS, kan ein ha korreksjon med John Deere, og motsett.

Kva gjer ein om ein er i skuggen?

Om ein ikkje har tilgang på korreksjonssignal må ein vurdere andre løysingar for korrigering som for eksempel RTK. Desse løysingane er noko dyrare, men og på denne fronten finst det overkommelege moglegheiter.

Å køyre utan korreksjon kan kanskje og vere eit alternativ, men det er då uvisst kor nøyaktig resultatet blir.

Ta gjerne kontakt med meg, Lars Gunnar Flatvad, om du har spørsmål om dekningsforhalda på din gard eller for å diskutere løysingar om du har problem med korreksjonssignal.

Om du held til i eit område som ikkje er med på denne dekningsmålinga og er usikker på om du har tilgang på korreksjonssignal hjå deg, er det mogleg å bestille eit besøk av dekningsbilen for å gjere målingar på gardsnivå.