Arealet som feltet låg på, er skarp sandjord. Feltet vart sett 19. mai og teke opp 3. september. Det var lite nedbør i vekstsesongen, særleg i første del, og dermed inga utvasking av næringsstoff; så næringstilgangen har vore god. Feltet vart vatna.

Ei av fårene som gjekk gjennom feltet hadde svært låg avling. Dette førte dermed til stor variasjon innad i feltet, og ein skal vere forsiktig med å trekke for bastante konklusjonar. Uansett gir fleire felt over fleire år som vi ser til høgre i tabellen under, eit mykje sikrare grunnlag enn eitt enkeltfelt eitt år.

Tabell verdiproving potet
Avlingsresultat for verdiprøvinga.

Asterix og Pimpernel er kjende sortar og Lady Claire er ein chipssort. Vi konsentrerer oss difor om nummersortane vidare.

G07-1147

Gul sort frå Graminor til konsum og pommes frites. Litt lågare avling enn Asterix i forsøk. Sorten er minst like sein som Asterix. Knollsetting så vidt over Asterix. Ein del grøne knollar og skurv i felta i Midt-Norge. Ein del rust i felta på Sør-Vestlandet. Sterk mot flatskurv, sølvskurv og tørråte på riset.

G07-1467

Raud sort frå Graminor med gule teikningar («Smileys») rundt grohola. Avling litt under Asterix. Relativt lågt tørrstoffinnhald. Knollsetting så vidt under Asterix. God resistens mot sølvskurv.

G07-1655

Gul pommes frites og konsumsort frå Graminor. Noko under Asterix i avling. Knollsetting omtrent som Asterix. Litt tidlegare enn Asterix. Mykje skurv og grøne knollar på felta i Midt-Norge. God resistens mot sølvskurv.

P02-13-7

Mørkeraud konsumsort frå Graminor med raud innvendig farge. Litt under Asterix i avling. Like sein som Asterix. Høg andel kvalitetsfeil, særleg vekstsprekk, kolv og skurv.

P03-19-21

Gul chipssort frå Graminor.

G07-1155

Gul konsumsort frå Graminor. Har gjort det godt avlingsmessig i Midt-Norge. Sorten er like sein som Asterix. Ein del rust og skurv i forsøka.

G11-4115

Raud konsumsort frå Graminor. Litt under Asterix i avling i Midt-Norge. Relativt lågt tørrstoff. Forholdsvis stor knollsetting. Noko tidlegare enn Asterix. Meir kvalitetsfeil enn Asterix i forsøk (vekstsprekk, skurv og rust)

Kjelde Per Møllerhagen, NIBIO