Plantevern 2017

30.12.2017 (Oppdatert: 31.01.2018) Frode Grønmyr

Plantevernjournal I 2015 vart det innført ei ny plantevernforskrift som mellom anna inneheldt skjerpa krav til journalføring. Dette inneber mellom anna at alle brukarar av yrkespreparat skal sette seg inn i prinsippa for integrert plantevern og journalføre vurderingane som er gjort kring dette. Det nærmar seg to år sidan forskrifta vart innført og KSL og andre som kontrollerer dette forventar no at journalen oppfyller dei nye krava. Vi minner også om at sjølv om ein leiger sprøyting er det den som driv arealet som har ansvaret for at journalen er utfylt. For den som brukar Skifteplan mobil eller Agrilogg oppfyller journalane her dei nye krava. Du kan også ta kontakt med Landbruk Nordvest for å få tilsendt journal.

Avstandskrav til vatn

I den nye plantevernforskrifta er det lagt vekt på at alle som brukar plantevernmiddel har plikt til å gjere tiltak som reduserer risikoen for ureining av vatn. Minste avstand til vatn er 3 meter, men mange middel har strengare krav enn dette. Avstandskravet for kvart middel finst på etiketten. På heimesidene til Landbruk Nordvest finn du ei liste som m.a. inneheld avstandskrav for alle middel. Vi forventar at det blir ført strengare kontroll med avstandskravet framover. I andre land kan ein få redusert avstandskravet ved å bruke spredeutstyr som gir mindre avdrift. Det blir arbeidd med å få innført ei slik ordning her i landet, men fram til da må vi halde oss til det som står på etiketten.

 

Plantevern i gras

Vi får ingen nye virksomme stoff i gras, men nokre endringar på velkjende produkt. Starane XL har fått endra avgiftsklasse som gjer den litt billegare. Den har også fått redusert behandlingsfristen til 7 dagar. Cleave er eit nytt produkt som er identisk med Starane XL. MCPA og Mekoprop har også fått endra avgiftsklasse og blir litt dyrare. MCPA får redusert behandlingsfrist i gras frå 21 til 14 dagar.

I fjor vart Matrigon off-label godkjend i gras. I gras er dette mest aktuelt til punktsprøyting av tistel. For å få buke dette må du skrive under ansvarserklæring og få tilsendt ein tilleggsetikett. I tillegg kjem ei eingongsavgift på 200 kroner. Det er viktig å huske at den som driv arealet skal skrive under på ansvarserklæring sjølv om andre blir leigd til å sprøvyte.

Med få endringar blir det lite nytt i våre anbefalingar når det gjeld sprøyting. Til gjenlegg er framleis 0,75 g/da Express + 50 ml/da MCPA førstevalet. Dette er ei allsidig og forholdsvis rimeleg blanding. Ulempa er at den er hard mot kløveren og kan sette grasveksten noko tilbake. Vi anbefaler difor å redusere Express-doseringa til 0,5 g/da ved gode forhold (god jordfuktigheit, bra temperatur, overskya). Er kløver viktig kan det vera aktuelt å bytte ut Express med Gratil. Gratil er snillare mot kløver, er litt betre mot høymol, men har litt dårlegare verknad på ein del andre ugras. For å velje best middel er det alltid viktig å kjenne ugrasfloraen sin!

Det finst mange glyfosatprodukt å velje mellom, men i følgje nye danske forsøk har alle lik verknad dersom ein reknar verknad per gram aktivt stoff. For å få god effekt av brakking er det viktig med ein viss bladmasse før ein sprøyter. Det betyr at ein ikkje bør sprøyte for tidleg om våren og helst droppe tredjeslått og beiting etter andreslått for å få godt resultat.

Ein del nytt i korn

I korn får vi både heilt nye produkt og nokre endringar i eksisterande produkt. Felleskjøpet erstattar DP klebemiddel med Biowet. Produkta er identiske, men Biowet kjem i større pakning. For Felleskjøpet sin del skiftar CDQ namn til Express Gold. Mavrik Vita er eit nytt pyretroid som skal vera skånsomt mot bier og andre nyttedyr.

Pixxaro er den største nyheita innan korn i år og er det einaste middelet som inneheld ny kjemi. Den eine komponenten i midlet er fluroksypyr som vi kjenner frå Starane/Tomahawk, den andre komponenten er halauksifen-metyl. Pixxaro er resistensbrytar i resistent då og vassarve. Den har også brukbar verknad mot jordrøyk, raudtvetann og tranehals som vi ikkje har hatt gode middel mot tidlegare. Middelet er aktuelt åleine men også i blanding med lågdosemiddel. Pixxaro er ikkje godkjend i havre.

Norgesfôr kjem med eit nytt vekstreguleringsmiddel, Medax Max. Den eine komponenten i middelet er det same som i Moddus og Trimaxx. Den andre komponenten i Medax Max skal ha raskare, men meir kortvarig effekt, og skal ikkje vera så avhengig av temperatur og sollys.

 

2017 siste bruksår for mange preparat

Desse preparata har siste bruksår i 2017: Cycocel Extra, Granstar Power, Starane 180, Ridomil Gold 2,5 granulat, Stereo 312,5 EC og Tomahawk 180.

 

Kjelder: Norgesfôr, Digital håndbok i plantekultur 2017 Samvirke 2, februar 2017



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.