Omgraving av grøfta myr som klimatiltak

15.12.2020 (Oppdatert: 29.01.2021) Sverre Heggset

Omgraving av tidlegare grøfta myr reduserer utslepp av metan frå myra, men laget med mineralmasse bør vere nær ein meter. Nitrogengjødsel er kjelda til lystgassutslepp frå næringsfattig myr.

Sverre Heggset måler utslepp av lystgass og metan på omgravd og grøfta myr i Fræna.

Artikkelen er skreven av Synnøve Rivedal (NIBIO), Sissel Hansen (NORSØK), Peter Dörsch (NMBU), Sverre Heggset (Landbruk Nordvest) og Samson Øpstad (NIBIO).

I ei omdanna myr er det ofte vanskeleg å få grøftene til å fungere. Grøfta myr der dreneringa ikkje fungerer optimalt kan ha store utslepp av metan (CH4). I Fræna i Møre og Romsdal har gardbrukarar gjennom lang tid grave om myra for å betre dei agronomiske tilhøva i jorda. Ved omgraving blir mineralmasse lagt oppå myrjorda, men med skråstilte lag gjennom myra for å drenere vekk vatn. I tillegg blir teigen profilert slik at vatnet renn av og i opne grøfter på kvar side. Vi målte utslepp av klimagassane metan og lystgass i eng på omgravd og grøfta myr på Hustad i Fræna. For å undersøke nedbryting av torva blei det og målt oksygenkonsentrasjon i den nedgravne torva og utslepp av CO2 over myra.

 

Reduserte metanutslepp

Vi fann at metanutsleppet frå den grøfta myra var stort og mykje større enn frå udyrka myr. Metanutsleppet var størst i våte år. I omgravd myr fann vi berre små utslepp (figur 1).

Figur 1. Samla utslepp av karbon som metan i åra 2017 og 2018 på omgravd og grøfta myr.

 

Resultat frå målingar av konsentrasjon av metan i jordluft på omgravd areal viste at det var stor produksjon av metan i den nedgravne torva. Metankonsentrasjonen minka etter kvart som ein nærma seg jordoverflata slik at utsleppa blei svært små. Det er metanoksiderande bakteriar som omdannar metan til CO2. Det er gunstig fordi metan har ein mykje høgare omdanningseffekt enn det CO2 har. Dei to første åra hadde vi gassmålingane på toppen av profilet. Der var laget med mineralmasse som dekka torva rundt ein meter og vi fann ingen utslepp av metan. Dei to siste åra var målingane nærmare den opne grøfta, og laget med mineralmasse var på det minste berre 45 cm. Det var ikkje nok til å hindre utslepp av metan.

 

Gjødselinduserte lystgassutslepp

Utslepp av lystgass (N2O) kom etter gjødsling både der myra var omgravd og der ho var grøfta. På ugjødsla målepunkt var det lite utslepp av lystgass. Det var høgare utslepp av lystgass på mineraljorda (omgravd myr) enn vi hadde forventa, og høgast var utsleppa i 2017 (figur 2). Då fann vi at utsleppa av lystgassnitrogen var 3,3-4 % av nitrogen tilført med gjødsel. Det er mykje høgare enn det vi fann på dreneringsfeltet i Askvoll. Særleg på arealet ned mot den opne grøfta på feltet i Fræna var mineralmassen finkorna (50 % silt og 15 % leire) og drenerte dårleg. I våte år førte dette til høgt vassinnhald og lågt luftinnhald i jorda, sjølv om ein hadde effekt av overflateavrenning. Jorda var dessutan vanskeleg å kalke rett på grunn av sjikt med skarp sand som var svært sur. Sur jord hindrar omdanning av lystgass (N2O) til N2, og kombinasjonen våt og sur jord kan vere årsaka til det høge lystgassutsleppet i 2017.

Figur 2. Samla utslepp av nitrogen som lystgass i åra 2017 og 2018 på omgravd og grøfta myr.

 

I 2018 var utsleppa av lystgass mindre. Det kan skuldast at det var tørrare i 2018 og at jorda blei kalka om våren. Måling av pH hausten 2019 synte at pH varierte frå 5,7 til 6,5 i rammene der gassmålingane blei gjort.

 

Beskyttar mineraldekket torva?

Kontinuerlege målingar inne i den nedgravne torva viste låge 02- konsentrasjonar. På grøfta myr målte vi i den tørraste perioden sommaren 2018 rundt 15 vol % 02 heilt ned til 55 cm djupne. Under det tjukkaste dekket av mineralmasse (ca. 90 cm) var 02-konsentrasjonen i torva 0 gjennom heile perioden, medan den under eit tynnare dekke var i overkant av 7 % i den tørraste perioden i 2018. Målingar med mørkekammer i døgnet etter slåttane i 2018 viste at det var mykje lågare CO2-frigjeving i omgravd enn i grøfta myr.

 

Undersøkingane våre kan oppsummerast slik:

Lystgass

  • N2O utslepp frå næringsfattig myr er gjødselindusert både ved grøfting og omgraving.
  • Nivå på N2O utsleppa varierer med vêrforhold, særleg rundt gjødsling.
  • På omgravd myr er tekstur, jordfysiske eigenskapar og pH til mineralmassen avgjerande for nivå av N2O utslepp.

Metan

  • Grøfta myr der dreneringa ikkje fungerer optimalt kan ha store CH4 utslepp.
  • CH4 produsert i nedgraven torv blir oksydert i mineraldekket over torva.

Karbondioksid

  • O2 og CO2 målingar tyder på at dekket med mineralmasse kan beskytte torva mot nedbryting.

 

Til info:

Denne artikkelen vart først publisert i Bondevennen nr. 36 - 2020 og er den niande artikkelen i ein serie frå NIBIO som handlar om jord, drenering og klimagassutslepp frå jordbruket.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.