Driftsopplegg

Morten overtok etter foreldra Liv Svanhild og Reidar Langeland i 2011. Dei er framleis til god hjelp i det daglege arbeidet. Morten arbeider i tillegg ca. 70 % på skipsverftet Havyard Leirvik. Garden har 66 dekar dyrka jord og 30 dekar beite. Dette er lettdrivne areal. Det er dyrka ca. 25 dekar siste åra. Driftsopplegget er med ca. 120 mjølkegeiter og 40-50 kje til påsett. Mjølkekvoten er 78.000 liter. I tillegg er det leigt 6.000 liter. Forholdstalet er 0,94 slik at disponibel kvote er ca. 79.000 liter. Kjeinga er i januar/februar, og geitene beiter på utmarksbeite frå midten av mai til ut september. Såleis blir om lag 50 % av mjølka produsert i beitesesongen.

Sanering av buskapen blei gjennomført i 2007. Då vart det skifta innreiing, og gjort andre tiltak i bygningen, samt at det vart bygd smittesluse. Ytinga gjekk vesentleg opp etter sanering, og det har vore lite sjukdomsproblem. Saneringa har vore positiv for drifta på garden og hjå heile næringa. Mjølkeavdråtten er god. Ca. 800 kg mjølk pr. årsgeit, med tørrstoffinnhald på om lag 12 prosent.

3 Saman med geitene
Morten og geitene.

Utbygging

Etter at Morten overtok vart det satsa vidare på geitemjølk. Han investerte i ombygging/tilbygg i 2012, ferdig i 2014. Kostnadsoverslaget var på 3,4 millionar. Rekneskapen viser ein total kostnad på 5,1 millionar. Det var særleg betongarbeidet og elektrodelen som var undervurdert. Det har vore betydeleg eigeninnsats, og mykje arbeid har vore utført av familien. Tilknyting mellom det nye og den eldre delen av bygningen var særleg krevjande. Morten bygde nye betongsiloar og ville ha grovfôret under tak då det kan vere mykje snø og frost om vinteren i Lia. Silo gjev også enklare tilgang, og ein jamnare kvalitet på grovfôret, meiner han.

Det vart bygd storbingeløysing med kraftfôrautomatar og ny mjølkestall. Dette gjev eit effektivt arbeidsopplegg og god dyrevelferd. Det vart også bygd til ny kjeavdeling med mjølkeautomat. Alle kjea vert påsette, og det vert levert ca. 150 kjeslakt for året. Nortura har kontraktproduksjon med ein del høgare pris, men økonomien er svak. Morten vil gjerne ha ein endå høgare pris på dette fantastiske produktet. Det må nok større innsats til for å få selt kjekjøtet til ein god pris. Det har ikkje vore eit alternativ å avlive kje. Han ser på dette som heller uetisk.

Fjøsen er kraftig opprusta, og framstår i dag som god plass å vere, både for folk og dyr.

2 Geiter og fjos

Mjølkekvaliteten har vore utfordrande

Celletalet i mjølka har vore ei utfordring. Det har vore stor utskifting av dyr og stort påsett for å halde krava til mjølkekvaliteten. Det er no sett i gang eit prosjekt der ein skal sjå på celletalet i mjølka i beitetida.

Morten driv eit aktivt avlsarbeid med inseminering og kåring av bukkar. Bukkane vert gentesta for kaseinstatus som er viktig for innhaldet av frie feittsyrer i mjølka. Prøvene vert sendt utanlands, og det tek ca. 3 månader å få svar. Dette er for lang tid. Det hadde vore betre om prøvene blei analyserte her i landet, som tidlegare.

Garden Lia har lettdriven jord.

1 Lia

Elles er Morten oppteken av at leigeprisane på mjølkekvote er høge, og noko som tærer på økonomien, og det er vanskeleg å få inntening for dei som skal halde fram i næringa. Når ein no i tillegg har overskot av geitemjølk, og forholdstalet er sett ned, er behovet større for å auke kvoten for å halde omsetninga oppe. Ein har ikkje lukkast nok med marknadsføring og sal av geitemjølkprodukt. Det må større innsats til frå TINE, meiner Morten. Han har likevel tru på jordbruket og geitehaldet framover. I Coronatida har det vist seg at jordbruket har fått større fokus, og blir meir verdsett hos folk flest.

Elles set han stor pris på å ha kårfolk som kan hjelpe til i den daglege drifta. Morten har absolutt ynskje om å leve av garden i framtida!