Det å ha partar i ei verksemd er ikkje eit ukjent fenomen i forretningsverda. Gjennom aksjeselskap delar aksjonærar risiko; og i mange tilfelle gevinst. Sjølv om likskapen kan verka slåande, er andelslandbruk tvert om ein motreaksjon på at storskala landbruksdrift og globalisering skapar stadig større avstand mellom dei hendene som grev i jorda og dei som dyttar maten inn i munnen. Ideelt sett burde dei vore festa til den same armen.

Den grunnleggjande ideen om andelslandbruk er å minska avstanden frå jord til tanngard, gjennom å inkludera konsumenten i jordbruksverksemda. Den praktiske løysinga er at folk med interesse for jordbruk, betalar på føreskot for ein gitt part (andel) av ein produksjonssesong. Partshavaren får soleis rett på sin part av avlinga det året, og får høve til praktisk medverknad i jordbruksdrifta.

Ei slik organisering av landbruksdrifta bidreg til: tette band mellom konsument og bonde (konsumenten vert på sett og vis sin eigen produsent), og ein økonomisk garanti for gardbrukar, som får same inntekt uavhengig av sesongvariasjonar.

Kringom i verda er det sidan 1960-talet etablert ulike former for andelslandbruk. I USA har konseptet Community Supported Agriculture (CSA) hatt stor oppslutnad, og mange har sett den vegen etter inspirasjon. I Noreg vart det første andelsbruket etablert i 2006.

Økologisk Norge har lenge arbeidd med igangsetjing av andelslandbruk, og utforming av ein felles standard for andelslandbruk. Det er i Noreg brei semje om fem grunnprinsipp for andelslandbruk, som er forankra i europeiske prinsipp:

  • Dialog om landbruksdriften
  • Gjennomsiktig økonomi
  • Delt avling, delt risiko
  • Involvering av andelshaverene
  • Berekraftig landbruksdrift

Det er i dag registrert kring 80 andelsbruk i Noreg. Berre 4 av desse er lokalisert på Vestlandet. Ei forklaring på dette er at konseptet andelslandbruk har vore sterkt knytt til eittårige åkerproduksjonar, og i mindre grad til husdyrhald og fleirårige planteproduksjonar.

ØKOLOGIEN I ANDELSLANDBRUKET