Monterer solceller på fjøstaket

31.12.2017 (Oppdatert: 31.01.2018) Bjørn Steinar Skarbø

Finn Roger Trodal på Averøya monterer solceller på fjøstaket. Håper å feire jul med straum frå fjøstaket. Positiv velvilje frå fleire avgjerande medspelarar gjer at Finn Roger Trodal på Råneset i Averøy no satsar for fullt på solenergi. Montasjen av anlegget er godt i gong, og håpet er å kunne feire jul med eigenprodusert elektrisitet. I alle fall i noko monn. Om vêrgudane vil.

Finn Roger Trodal framfor løa. Håpet er at leverandør Averøy elektro skal bli ferdig til jul slik at han kan feire høgtida med eigenprodusert elektrisitet.

Midt oppi dette er han likevel skuffa over manglande støtte frå det offentlege.

Verken frå Innovasjon Norge eller Enova, fortel han, og legg ikkje skjul på at det ville vore kjærkome. Sjølv om beløpet ikkje trong å vere all verda.

- Hadde det vore meg som privatperson og ikkje næringsdrivande, ville eg fått 25.000 kr frå Enova og det er pengar det òg, legg han til. Når Storting og styringsverk legg så stor vekt på det grøne skiftet, bør dei også vise det i praksis.

 

Viktig at han lukkast

For all positiv medverknad er viktig i ein slik prosess og ikkje minst for dei som er tidleg ute, slik som han. Dette er det fyrste større solenergianlegget innan landbruket i fylket, og då er det viktig at han lukkast om det skal bli fleire. Resultatet vert lagt merke til både om det vert positivt eller negativt; og kostnaden er ofte høgast for dei som er tidleg ute.

Og skulle ikkje han lukkast, er det langt ifrå gjeve at andre vil gjere det. Tilhøva på fjøstaket hans er dei beste for solenergiproduksjon i følgje www.solkart.no, og han har 500 m2 takflate til disposisjon.

 

Bygt to fjøs

- Eg har bygt fjøs to gonger. Fyrst i 1991 og så i 2010, fortel 56 åringen. I det nye fjøset er det varmegjenvinning frå mjølketanken som tempererer vatnet til dyra og varmar opp biromma.

Prosessen fram til å satse på solenergi starta for berre tre månader sidan, fortel han. Spørsmål om framtida vart drøfta med to av sønene. Solenergi dukka fram i samtalen, og eit søk på "solkart.no" viste at nettopp dette taket var så godt eigna som det kan bli.

Sommaren er sola oppe frå fem om morgonen til ti om kvelden, seier han.

Leitinga på nettet held fram, og på heimesidene til Norgeselektro, såg han at Averøy elektro er forhandlar av slikt utstyr. Han dit ringde og fekk Øyvind Ødegård i tale. Han stadfesta at ja, dei hadde drive litt med solceller. Finn Roger fortel vidare:

- Ja, eg har 500 m2 takflate til disposisjon, sa eg. Då vart det heilt stilt i andre enden. – Det var ikkje lite, kom det etter kvart. Eg må få ringe deg oppatt.

 

Stor velvilje

- Måndagen etter ringde han. Då hadde han snakka med Bergegård Amundsen i Trondheim som ville kome å sjå på løa. Dei kom, såg, og gjorde det med ein gong klart at dette ville dei gjerne vere med på.

- Ja, eg er seriøst interessert, så de får kome med ein god pris, sa eg. Det gjorde dei, og neste steget var Sparebank 1 NMS. Dei var med ein gong interessert, og etter ei veke melde dei at dei ville finansiere anlegget. Neste på lista var Nordmøre energiverk. Etter to møte var også dei positiv. Dette var fyrste driftsbygninga dei var med på. Derfor håpte dei Trodal ville gå vidare. Dei tilbaud han eit såkalla "pluss-abonnement" der han kan levere inntil 100 kW til nettet når produksjonen er større enn han treng på garden.

- Då bestemte eg meg, seier han.

 

Omfattande montasje

Sidan har det gått slag i slag. Monteringsarbeida starta siste veka i november. Fyrst skulle meir enn 1200 boltar med beslag festast til taket. Så skulle det monterast skinner opp og ned langs taket, kablar skulle strekkast og invertaren monterast og koplast til. Til slutt skulle så solcellepanela på plass.

 Averøy elektro har sagt dei skal bli ferdig til jul, og det håper eg held stikk, seier han. Ikkje nødvendigvis fordi det blir så stor straumproduksjon i jula.

Men eg får med heile 2018, og dermed heile årssyklusen fyrste året. Vidare tankar for anlegget er ei batteripakke for å lagre straum til kvelden og natta samt overgang til LED-lys som får forbruket ned.

 

Opningsmarkering

Han vil også skipe til ei større opningsmarkering av anlegget, truleg i mars ein gong. Invitasjonane vil gå ut breitt. Håpet er at Landbruksministeren skal finne det så interessant, at han vil stå for opninga.

Han kan elles fortelje at ein gardbrukar i Aure også er i gong med førebuingar for ein tilsvarande installasjon.

 

Godt samarbeid

Trodal fortel om eit svært godt samarbeid med Averøy elektro. Montør John Helge Brandsæter kvitterer med skryt tilbake. – Dei beste oppdraga vi har er hos bønder, seier han. Dei er praktisk anlagt og flink til å få fram kreative løysingar.

For meg har det vore viktig med ein leverandør eg kan ha tillit til. Som har gjeve meg ein fast pris som inkluderer alt, utstyr, montasje og igongkøyring, slik at eg veit kva eg har å halde meg til, slår han fast.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.