Leiv Abelvik driv omfattende nydyrking som kompenserer for jordta ellers i kommunen

(Oppdatert: 08.01.2019) Bjørn Steinar Skarbø

I ein kommune der nedbygginga av matjord har vore – og er – omfattande, driv 86-åringen Leiv Abelvik aktiv nydyrking i stor stil på garden i Abelvika. Leveregelen for bønder om å levere frå seg garden i betre stand enn den vart overteken, er oppfylt til overmål, og han held fram med å utvikle den snart 20 år etter normal pensjonsalder og seks år etter han skøytte den frå seg.

I ein kommune der nedbygginga av matjord har vore – og er – omfattande, driv 86-åringen Leiv Abelvik aktiv nydyrking i stor stil på garden i Abelvika.

Leveregelen for bønder om å levere frå seg garden i betre stand enn den vart overteken, er oppfylt til overmål, og han held fram med å utvikle den snart 20 år etter normal pensjonsalder og seks år etter han skøytte den frå seg.

 

I ein kommune der nedbygginga av matjord har vore – og er – omfattande, driv 86-åringen Leiv Abelvik aktiv nydyrking i stor stil på garden i Abelvika.

Leveregelen for bønder om å levere frå seg garden i betre stand enn den vart overteken, er oppfylt til overmål, og han held fram med å utvikle den snart 20 år etter normal pensjonsalder og seks år etter han skøytte den frå seg.

Det er dels for å kompensere for den nedbygginga som skjer ved Skodje sentrum, at Leiv driv så omfattande nydyrking. Som medlem i Skodje samdrift er han rimelegvis medviten om at det trengs areal og fôr til ein av dei største mjølkebuskapane i fylket. Utbygginga i- og ved Skodje sentrum påverkar også dei ved at leigejord har gått tapt.

- Eg tenkjer at dei areala eg dyrkar opp her framme, vil det vere vanskelegare å angripe med tanke på utbygging til andre føremål, seier han, og legg til.

- Det handlar dessutan om lyst og interesse; og når eg no har skøytt frå meg garden, må eg vel seie at det òg er ein slags hobby.

 

Store flater

På vegen frå Dragsundet til Skodje-bygda kjem ein til ein kort tunnel. Rett før denne tek ein landbruksveg av til høgre. Litt oppover langs denne breier engstykka seg utover. Slake, store og samanhengande areal som strekkjer seg inn mot skogkantane i det fjerne. Mot aust føregår dyrkingsarbeida og målet er isåing i vår eller sommar.

- Vidare mot aust kan det dyrkast opp eit par hundre mål til, fortel Leiv Abelvik som tydelegvis ikkje tenkjer å gje seg med det som er gjort til no.

 

Den beste matjorda

Der det no vert dyrka, skal noko av den beste matjorda i Skodje leggast på toppen, fortel han. I sentrum av Skodje vert det stadig bygt bustader og omsorgsbustader på gode jordbruksareal, og nye bustadfelt kjem stadig til.

 

Gjennom avtale med entreprenørane vert overskotsmassane frå anleggsarbeida køyrt fram på nybrotet til Leiv og tippa der. Det same skjer med slike massar frå anleggsarbeid andre plassar i Skodje så vel som frå nabokommunane Ålesund, Haram, Sula og Ørskog.

 

Nedbygging i stor stil

I Skodje sentrum har nedbygging av matjord skjedd i stor stil dei siste 20 åra. På fleire gardar var drifta avslutta i eigen regi. Ein velvillig kommune gav tilslutning til utbyggingsplanar på store jordbruksareal. Sidan er dei bygt ned i tur og orden.

 

Mange har på denne måten fått seg sentrumsnære bustader i ei bygd med godt klima, mykje sol, kort veg til byen og godt utsyn til fjord og fjell. I tillegg har grunneigarane tent gode pengar, må vi tru. Nedsida er at desse gode jordbruksareala er tapt for alltid.

 

Lite nydyrking elles

Det er ikkje mykje nydyrking som skjer rundt omkring. Det kostar, og ein får normalt heller ikkje tilskot til dette. Dermed er Skodje kommune utruleg heldig som har Leiv Abelvik som dyrkar opp som best han kan; og dermed også kompensere det som vert- og har vorte nedbygt.

Fyller på massar

Tidlegare dyrka han på tradisjonelt vis. Reinska for skog, kvist og kvas, stubbar og stein. I seinare tid er nydyrkinga basert på tilkøyrde overskotsmassar frå anleggsverksemd.

- Dette høver godt når skogsmarka er skrinn, seier han.

 

Han fortel at dette byrja for 15 år sidan. Det var (og er) mangel på godkjende tippeplass for overskotsmassar, så anleggsbransjen er godt nøgd med å kunne køyre desse massane hit.

- Eg prøver å vere påpasseleg så det ikkje kjem forureina masser, understrekar han. Ein må også passe på at moldinnhaldet i den ferdige fyllinga ikkje vert for høgt slik at det stengjer for vatnet.

 

Nøye uttenkt system

Dyrkingsarbeidet føregår ved at massane vert fylt oppå terrenget etter eit nøye uttenkt system.

- Det opprinnelege terrenget er småkupert, og vi lagar til fall langs søkk i terrenget, og sprenger ut for å knyte dei saman om nødvendig. I desse søkka fyller vi grove steinmassar for drenering med finare oppå og så tippmassar til høveleg tjukne og fall. Så vert matjorda lagt på til slutt. Når det er myr, gjer vi også ein del omgraving, legg han til.

 

Ny eigar

Leiv er fødd i 1932. Han tok over garden i 1964 og har drive den fram til søstersonen Knut Skaar-Olsen tok over eigarskapen i 2012. Den nye eigaren bur i Lørenskog der han driv eit bussselskap, fortel Leiv, som har mest tru på at det er dotter til Knut, Tone, som vil drive garden på sikt. Ho er utdanna sivilingeniør i maskindesign frå Norsk miljø og biovitskaplege universitet på Ås og arbeider for tida i farens firma.

Følgjeleg er det framleis Leiv som står for den daglege drifta saman med broren.

 

Fjøsbygging

Leiv har ikkje berre dyrka den tida han har drive garden. Han har også bygt. Fyrst bygde han om fjøsen på garden og ikkje mange åra seinare bygde han ny. Den eldre fjøsen bygde han om til lausdrift i 1986.

 

- Men eg syntest ikkje det vart noko god løysing med lågt under taket i både fjøs og kjellar, seier han. Derfor valde han å byggje ny relativt kort tid etterpå. Denne stod ferdig etter stor eigeninnsats til han nådde pensjonsalderen i 1999.

Den eldste driftsbygninga er elles ombygt og vert brukt til reiskapshus og lager.

 

I samdrift

Då Skodje samdrift vart etablert i 2009, gjekk Leiv inn som ein av fem. Sjølv om han hadde eigen mjølkeproduksjon på lausdrift i ei 10 år gammal driftsbygning.

- Om eg hadde vore yngre, hadde eg nok drive vidare for meg sjølv, men eg hadde vore med i fellesbeite med dei same karane. Samarbeidet hadde fungert greitt, og eg var van med å ha fjøsfri om sommaren. Derfor valde han som han gjorde.

 

Skodje samdrift er nær sagt så stor den kan bli i Noreg med 900 tonn mjølkekvote, rundt 115 kyr og rundt rekna 1500 mål fôrareal. Fjøsen til Leiv vert no brukt til fôringsoksar.

 

Stor utviding

Då Leiv tok over drifta i 1964, var garden på 43 mål. 10 mål av dette hadde Leiv dyrka opp før han tok over. Når han no får sådd i det dei driv og dyrkar, vil garden ha kome opp i 280 mål. Ein del av arealet (ca. 100 mål) er erverva gjennom makebyte med naboen der dei fekk skog og han jord.

 

Naboen var elles Inger Koppernæs, forretningskvinne, stortingsrepresentant og samferdselsminister i fyrste Willoch-regjeringa.

 

Ei oppsummering av det han har dyrka, endar på rundt 150 mål.

I tillegg til dette på eigen gard, var han med på oppdyrking av fellesbeite på Engesetsætra. Det er på 300 mål, og medlemmane gjorde det meste sjølv.

Arv frå bestefaren

- Far var ikkje så interessert i nydyrking, seier Leiv. Han var ivrigare på å drive skogen. Hogde 100 m3 i året; og med produksjon av tønner og kasser som Skodjebygda var kjent for, hadde han seg ei bra årsinntekt på det.

 

- Bestefar var derimot svært interessert og dyrka ein heil del. Han var dessutan svært interessert i å utvikle stubbrytaren, og fekk diplom for å ha konstruert ei strammeklo til denne som fekk steinen lettare opp av jorda. Stubbrytaren var viktig ved nydyrking den tida. Det var mykje stein i jorda og tilgangen på maskiner ein heilt anna enn i dag.

 

Grøfta for hand

Leiv fortel at han tok til med nydyrking på garden allereie i 1952. På det fyrste stykket han dyrka, grøfta han 600 meter for hand og knuste stein til steinsetting med slegge.

- Mange med mindre gardsbruk valde å ta seg arbeid utanom garden, seier han. Sjølv ønskte eg å leve av gardsdrifta og har prioritert både dyrking og nybygging.

Han har dessutan vore svært interessert i dyr og reist mykje på utstillingar.

- Eg hadde i fleire år beste buskapen innan Sunnmøre Meieri, og ein gong også kua med høgast yting i Møre og Romsdal, fortel han.

 

Traktorgravarar

Utover på sekstitalet kom gravemaskiner meir i bruk til nydyrking.

 

- Fyrste tida leigde vi traktorgravar, men med store stubbar og stokkar i myra, hadde dei også problem med å klare jobben.

 

På slutten av sekstitalet kjøpte han seg gravemaskin sjølv. Også det ein traktorgravar, fortel han. Den var grei til å grave grøfter med, men til masseforflytting dugde den ikkje noko særleg. Derfor var det ikkje lenge før han kjøpte fyrste beltegravaren. Sidan har det blitt fleire.

 

Jordflytting

Garden til Leiv ligg på Apalvikneset vest for fylkesvegen. Her ligg dei fyrste jordstykka han dyrka opp. Gjennom makebytet med naboen fekk han hand om dyrkajord også på austsida av fylkesvegen. Det er på denne sida den seinare jorddyrkinga har skjedd.

 

Den dagen vi er på besøk, er det oppslag i "Nationen" der det vert teke til orde for meir jordflytting for å kompensere for nedbygging av jordbruksareal.

 

- Det er vel dette eg driv med, seier han. Det er dessutan svært god jord, så når den fyrst vert bygt ned og dels fjerna, er det positivt for han å bruke overskotsmassane på dyrkingsfelta sine.

 

- Det er veldig fin jord. Sandhaldig og lett. Av den beste du kan tenkje deg. Slik jord har eg også fått tilkøyrt frå Ålesund og Langevåg.

 

- Kva refleksjonar gjer du deg over den nedbygginga som skjer i Skodje?

- Det viser seg vel å vere ei utvikling det er vanskeleg å stoppe.

 

Ikkje mangel på næringsareal

Leiv Abelvik fortel også at det var mange som var skeptisk til å drive nydyrking her framme på heller skrin skogsmark. Dei meinte det heller burde brukast til industriområde.

 

- Men industriområdet på Håhjem ligg rett ved. Det vart opparbeidd tidleg på 70-talet og der er enno ledige tomter. Seinare har nye område kome til, så Skodje har no hatt godt om næringsareal likevel, slår han fast.

 

Vil dyrke enno meir

Leiv Abelvik ber alderen svært godt. Han er både lett og rask på foten.

Kjem du til å halde fram å dyrke?

 

- Eg er innstilt på å halde fram så lenge lysta er der og helsa held, men eg er no klar over at eg nærmar meg 90.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.