Utviklinga i landbruket i vårt fylke fyl stort sett rersten av landet

09.01.2019 (Oppdatert: 10.01.2019) Bjørn Steinar Skarbø

- Eg vil hevde at det ikkje brenn noko gulare lys for landbruket i vårt fylke enn elles i landet, seier landbruksdirektør Frank Madsen hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. For dei fleste produksjonane er fylkets del av landets samla driftsomfang tilnærma uforandra frå 2006 til 2017.

 

 

- Eg vil hevde at det ikkje brenn noko gulare lys for landbruket i vårt fylke enn elles i landet, seier landbruksdirektør Frank Madsen hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. For dei fleste produksjonane er fylkets del av landets samla driftsomfang tilnærma uforandra frå 2006 til 2017.

- Men eg skal gje Leif Helge Kongshaug rett i at vi ikkje har utnytta potensialet for auke når det gjeld ammeku, seier Madsøy. Her har fylkets del av landets produksjon gått ned frå 6,25 % i 2006 til 4,79 % i 2017. Talet på ammekyr i fylket har rett nok auka frå 3 686 til 4 086 i same periode, men auken elles i landet har med andre ord vore større.

- Det kan vere mange årsaker til dette, og vanskeleg å peike på desse utan å gjere nærare undersøkingar, seier han. Det kan til dømes ha å gjere med klima og tilgang på areal som høver for denne produksjonen. Det er som kjent behov for nok beite, og beite som toler å bli beita av store og tunge dyr. Det kan vere ei utfordring med vårt klima og vår arealstruktur.

- Det er også viktig at dei som vel å satse på denne produksjonen, veit kva dei gjer og går til både økonomisk og driftsmessig, legg han til.

 

Brukar opp investeringsmidlane

- Eg opplever heller ikkje at det er noko mindre vilje til å satse på utvikling av landbruket i Møre og Romsdal enn elles i landet. Det viser ikkje inst søknadspågangen etter bruksutbyggingsmidlar i Innovasjon Norge. Dei opplyser at dei hadde brukt opp alt av investeringsmidlar for 2018 før sommarferien. No har dei løyve til å disponere 20 % av neste års løyving, men har allereie meir enn nok søknader inne til å bruke opp dei midlane og.

- Det er med andre ord ikkje mangel på investeringsvilje. Det er midlane som ikkje strekk til, oppsummerer han.

 

Ein auke er ønskjeleg

Madsøy vil ikkje gå inn i dei politiske prosessane som ligg til grunn for nivået på investeringsmidlar som Innovasjon Norge disponerer her i fylket. Utover ei oppmoding, basert på den aktuelle situasjonen, om at dersom det er råd å tilgodesjå fylket med meir slike midlar, er han trygg på at dei vil bli brukt til fornuftige og samfunnsgagnlege investeringar.

Dette er med andre ord opp til partane i jordbruksoppgjeret å avgjere; regjering og storting på den eine sida og bøndene sine organisasjonar på den andre.

 

Nokså likt

Når det gjeld dei andre viktige produksjonane i landbruket, er utviklinga frå 2006 til 2017 nokså lik resten av landet, seier han og viser til statistikken.

Mjølkeproduksjon: 9,68 prosent til 9,63prosent av landets produksjon.

- Vi ser det har vore ein nedgang i talet på produksjonsdyr, men det er også likt for heile landet, skyt han inn.

Sau: 5,93- til 5,99 prosent

Andel landbruksføretak: 6,78- til 6,57 prosent.

Jordbruksareal: 5,78- til 5,48 prosent.

- Når det gjeld kratforbasert produksjon, har Møre og Romsdal aldri vore noko stort fylke, men for purker har det auka frå 1,87 til 1,93 prosent av talet for heile landet, seier han.

 

Må informere politikarane

- Kongshaug ønskjer at landbruksforvaltninga i fylket skal spele ei meir aktiv rolle i utviklinga av landbruket. Korleis ser du på det?

- Vår rolle er å sette regjeringa sin politikk ut i livet, og det er det mi oppfatning vert gjort både på kommunalt og fylkesnivå. Det er også viktig av både vi på fylket og kommunane legg til rette for å drøfte og legge fram saker for politikarane som er viktig for landbruket. Eg kan nemne Landbruksmeldinga vi la fram i fjor, men det kan hende vi skal bli endå flinkare til å legge fram meldingar og rapportar om landbruket til politikarane. Det er viktig at dei kjenner næringa og veit kva utfordringar den har.

 

Omfordelte roller

- Elles har rolla for landbruksforvaltninga endra seg frå før til no, rollene er omfordelt, og det har ikkje skjedd utan at det ligg ei vilje bak. Vi har som sagt ansvar for forvaltning og tilsyn. Så har Innovasjon Norge ansvar for finansieringssaker, medan organisasjonar som Landbruk Nordvest, Tine og Nortura har ansvar for rådgjeving.

- Eg ser ikkje føre meg at den rollefordelinga kjem til å bli endra, og heller ikkje noko gode argument for å gå tilbake til den rollefordelinga som var tidlegare.

 

Meir aktiv

- Men kan landbruksforvaltninga spele ei meir proaktiv rolle for å skunde på utviklinga i landbruket.

- Det skadar ikkje å vere proaktiv, og det ligg til forvaltninga å informere og rettleie, så det er ingenting i vegen for at vi kan prøve å spele ei endå meir aktiv rolle i så måte.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.