Olav Myrhol driv gard på Indrehus i Bremanger saman med kona Marit. Fram til 2018 var det 50-60 sau i kombinasjon med noko arbeid utanom bruket for Olav sin del, medan Marit arbeidde i helsesektoren i kommunen. Olav hadde lyst å utvide drifta med storfe, så etter litt planlegging vart det ombygging og utviding av fjøsen slik at den romma 12 mordyr, okse, kvigepåsett og nokre oksar til sluttfôring. Sauedrifta vart redusert til 20-25 lamsau. NLR Vest hjelpte Olav med planlegginga (byggplanlegging og driftsplan), og Innovasjon Norge ytte tilskot til prosjektet.

Arealressursar

Eigen gard har 36 daa slåttemark og 100 daa innmarksbeite, men med leigd areal driv dei 80 daa slåttemark og 150 daa beite. Vel 90 daa beite er etablert siste 5 åra. Dei tok ut 1000 m3 furuskog og leigde inn gravemaskin for å rydde opp etter hogsten, slik at det var mogeleg å ta arealet i bruk som beitemark. Inntektene dei fekk for skogen vart sett inn att i beiteprosjektet. Det tek litt tid å etablere nytt beite, men grasproduksjonen på arealet vert betre år for år. I tillegg gir det knappe 30 000 kr i årleg AK-tilskot. Olav meiner at arealavkastinga er langt betre no som beite enn tidlegare som furuskog.

Buskapen treng mykje beite i mai og juni for at mjølkeproduksjonen skal vere god og dyra skal komme i brunst og ta kalv. Til denne tid har det vore tilleggsfôra med grovfôr i deler av denne perioden for å sikre god produksjon, men Olav reknar med at dette vil endre seg når det store nye beitet kjem i full drift. Det er også mogeleg å gjødsle dei eldre kulturbeita (45 daa) noko meir, slik at grasproduksjonen vert større i denne viktige perioden.

Ammeku kulturbeite Fagredalen
Utmarksbeite i Fagredalen (Indrehus).

Storfeinteresse

Olav har alltid hatt interesse for storfe. Kombinasjonsdrift storfe og småfe meiner han gir betre utnytting av både innmarks- og utmarksbeita. I utmarka beiter storfeet dels på andre artar enn småfeet, så den samla produksjonen på utmark vert god. Sauene kan beite slåttemark om det er nødvendig, noko som er uaktuelt med storfe grunna trakkskade. Jamnare arbeidsfordeling i kalvings-/lammingstida er også eit pluss meiner Olav.

Tyroler Gråfe

Olav er godt fornøgd med ammekurasen dei har valt. Dyra har godt lynne, kalvingane er lette, dei er gode mordyr, dei mjølkar godt, og dei utnyttar grovfôr og beite godt. Inseminering går greitt sidan dei viser tydeleg brunst. På Indrehus brukar dei okse til dei vaksne dyra, men dei har inseminert kvigene for at dei skal kalve før teljedato 1. mars. Dette gir også rom for å bruke oksen i meir enn 2 år.

Ammeku kulturbeite
Buskapen på innmarksbeite tidleg i juni 2021.

Driftsopplegg

Ammekyrne kalvar i mars og litt ut i april. Kyrne går på innmarksbeite med kalv og okse frå siste veka i mai til første veka i juli. Etter 6-7 veker med okse vert kyr og kalv sleppte på fjellbeite i gangavstand frå garden. Det ideelle hadde vore å få dyra av garde til fjells noko før, men då måtte dei ha sleppt oksen i lag med kyrne i fjøsen for å vere sikker på at kyrne er drektige ved fjellsending. Dette er vanleg i ein del buskapar, men enno har dei ikkje prøvd det på Indrehus.

Kyr og kalv er på utmarksbeite i minst 8-9 veker. Beitet i Fagredalen ligg frå 300-450 m.o.h. er på 2,5 km2 og av middels kvalitet. Ein anna ammekubuskap med 6-7 mordyr beiter der også.

Midt i september vert dyra henta heim att og kalvane vert skilde frå mødrene. Grunnen er enkel; kalvane treng protein- og energirikt gras for å vekse. I praksis vert kalvane sette inn i fjøsen, medan mordyra går på innmarksbeite til ut i oktober. Intervjuaren lurer på om ikkje dei vaksne kyrne med fordel kunne vore sleppe opp att i utmarka? Olav er ikkje usamd i det, men til denne tid har det ikkje vore praktisert.

Livkalv

Ein del av kalvane vert selde til liv (framfôring i ein annan buskap) rett etter innsett, medan resten vert sett på til slakt og til eigne mordyr. Marknaden for sal av 6-7 md. gamal kalv er bra, så det tek ikkje lang tid frå innmelding til dyra vert henta. Nortura differensierer prisen alt etter vekt og rase (NRF, lett kjøtferase og tung kjøtferase). For ein 6 md. gamal tyroler oksekalv på 250 kg levandevekt får Olav ca. 11 000 kr. For ein kvigekalv på 200 kg er prisen 6000 kr.

Eit nytt enkelt bygg på 9 * 16 m er under oppføring i tilknyting til innmarksbeite. Det skal brukast til reiskapshus, men ein mindre del av arealet er tenkt til husdyrrom (tilleggsfôring vår og haust, skilje kalvar frå mødrene).

Kalv Tyroler Olav Myrhol2022
Fin kalv! Alle foto: Olav Myrhol.

Haustelinje grovfôr

Olav er flink til å halde driftskostnadane på eit moderat nivå. Det trengst sårt i ei næring som ikkje kastar allverda av seg. Graset vert hausta med fôrhaustar og avlessarvogn eller vossakasse og lagt i tårnsilo. Han leiger pressing av ca. 20 ballar.

Mangesysleri

Det er ammekyrne og sauene som krev flest arbeidstimar av Olav gjennom året. I tillegg har han ein brøytekontrakt med kommunen, og det vert selt litt ved og rydda noko skog. Marit og Olav har 4 vaksne barn som tek i eit tak når det krevst. Eldstemann Tor Inge på 33 år har planar om å ta over drifta med tida.

Skisse Olav Myrhol
Ein kompakt fjøs: Sauefjøsen vart bygt om til lausdrift ammeku med liggebås og betongspalt med plass til 11-12 kyr. Tilbygget på vel 6 m i andre enden hyser 20-25 sau, okse og ungdyr. Olav tykkjer fjøsen fungerer fint. Planskisse: Edvin Hugvik, NLR Vest.