Frå 01.01.2024 trer det i kraft eit nytt krav som tilseier at alle fjøs til storfe skal ha kalve-/sjukebinge. I dei fleste fjøs kan dette løysast på ein grei måte, utan for store investeringar. Men det krev ein del areal. Her er ein del ting ein lyt tenkja på når ein skal setja i gang med plassering/bygging av kalvings-/sjukebinge.

Kalvingsbinge skal ivareta ku, kalv og ikkje minst bonden. Det er viktig med plass nok til at bonden kan hjelpe til med minst mogleg risiko. Høgde på bingevegg bør vera 1,3 – 1,6 m. Då er det viktig og planlegga rømmingsvegar for bonden. Gjerne med grind eller smal passasje. Dersom det er mogleg, plasser bingen ut frå veggen i fjøset, for å redusera risikoen for klemskadar og rask tilgang til dyret.

Som byggrådgjevar i NLR Vest får me nokre forespørslar frå bønder som ynskjer å sjå på moglegheita for lettare drift, og sjå på løysingar som tilfredstiller dei nye krava. På bilete under ser me ei skisse over ein forespørsel om enklare drift og betre plassutnytting, samt få plass til kalve-/ sjukebinge.

Kalvebinge full

I dette prosjektet fekk me omplassert kvigene i fjøset, og laga eigen binge til kalv, slik at desse ikkje berre vert provisorisk etter kalving. Me har også fått sett inn ein kalve-/ sjukebinge. Ombyggingar som dette, vil bidra til enklare kvardag for bonden, og at drifta kan halde på ei stund til.