Kornsorter til modning og fôr i 2019

09.01.2019 (Oppdatert: 12.01.2019) Frode Grønmyr

2018 har vore eit utfordrande år for mange kornprodusentar. Såkornprodusentane er ikkje noko unntak, så til neste år vil kanskje ikkje alle få kjøpt sortane ein er vant med. I denne artikkelen kan du lese meir om sortseigenskapar hos dei vanlege sortane. Det er også teke med litt om aktuelle importsortar. Her er det ikkje alle vi veit så mykje om.

2018 har vore eit utfordrande år for mange kornprodusentar. Såkornprodusentane er ikkje noko unntak, så til neste år vil kanskje ikkje alle få kjøpt sortane ein er vant med. I denne artikkelen kan du lese meir om sortseigenskapar hos dei vanlege sortane. Det er også teke med litt om aktuelle importsortar. Her er det ikkje alle vi veit så mykje om.

Det er toradsbygg som har høgast krav til jord og pH. Ein bør ha jord i god hevd og pH over 6,2 for å få godt resultat med 2-radsbygg.

6-radsbygg er litt meir robust med omsyn til vekstforhold og er jamt over tidlegare modent, men toler dårlegare å stå overmoden enn 2-radssortane. 6-radsbygg bør ha pH over 6,0.

 

Havre toler betre låg pH (men helst ikkje under 5,6) og er ikkje så ømfintleg for dårlege vekstforhold som bygg. Unntaket er tørke der bygg klarer seg betre enn havre. Havre er dessutan bra som vekstskifte ved einsidig korndyrking.

 

Dei seine sortane har i teorien høgare avlingspotensiale enn dei tidlege, men tidlege sortar gir litt meir å gå på når det gjeld å nå modning og opptørking. Dei tidlege sortane har også veldig høgt avlingspotensiale under optimale forhold. Her er lokalkunnskapen avgjerande, sidan soltimar og vindforhold er like viktig som temperatur seint i sesongen. Mange vel å ha ein kombinasjon av tidlege og seine sortar for å utnytte treskekapasitet og spreie risikoen.

 

6-rads bygg

Heder er no den tidlegaste sorten på markedet. Har det beste strået blant 6-radssortane. Svakare enn Brage mot grå øyeflekk og spragleflekk. Såmengde 21-23 kg/daa. Veksttid 103 dagar.

 

Brage har vore den mest populære sorten i fleire år. Sterk mot sopp. Strået har ein tendens til å bryte saman mot slutten av sesongen. Som for dei fleste andre 6-radssortar vil vekstregulering og soppsprøyting rundt begynnande skyting gjera at den toler betre å stå overmoden. Såmengde 19-21 kg/daa. Veksttid 104 dagar.

 

Rødhette sein sort med høgt avlingspotensiale. Sorten skal vera sterk mot byggbrunflekk og spragleflekk, men dårlegare mot grå øyeflekk. Ein bør difor vurdere ei tidleg soppsprøyting i denne sorten, særleg ved dårleg vekstskifte og mykje nedbør tidleg i sesongen. Såmengde 19-21 kg/daa. Veksttid 110 dagar.

 

Toria er ein norsk sort, produsert i Finland. To dagar seinare enn Brage, lik Brage men litt svakare strå.

 

Edvin finsk sort som ligg mellom Brage og Toria i veksttid

 

2-rads bygg

Arild er ein ny tidleg 2-radssort. God mot sopp. Langt, mjukt strå i forhold til dei andre toradssortane. Oppfører seg som ein 6-radssort når den står overmoden (aksknekk). Den har dermed større behov for vekstregulering og soppsprøyting enn dei andre toraderane. Såmengde 23-25 kg/daa. Veksttid 107 dagar.

 

Salome er ikkje verdiprøvd i Norge, men vi har etter kvart ein del erfaring frå praktisk dyrking. Salome er ein intensiv sort med høgt avlingspotensiale. Den skal ha god stråstyrke og -kvalitet og vera sterk mot sopp. Vi får tilbakemelding på at det er ein forholdsvis robust sort som ikkje bryt så lett saman. Såmengde 22-24 kg/daa. Veksttid 111 dagar.

 

Marigold er ein halvsein sort som har gjort det bra i lokale forsøk. Truleg forholdsvis lite kravstor på næring. Robust sort som og gjer det godt under varierande vekstforhold. Bra stråstyrke, men litt dårlegare stråkvalitet enn Helium og Fairytale. Sterk mot sopp, kanskje med unntak av spragleflekk. Skal vere litt tungtreska. Dårleg likt av hjort. Såmengde 23-25 kg/daa Veksttid 111 dagar.

 

Fairytale har middels langt strå med god styrke og kvalitet. Gir store avlingar ved intensiv drift. Bra mot sopp. Er forholdsvis bladrik og dekkjer godt mot ugras. Såmengde 21-23 kg/daa. Veksttid 113 dagar.

 

Thermus er sorten med høgast avling i forsøk dei siste åra. Sorten skal vera bra mot soppsjukdomar og ha eit sterkt strå. Det er rapportert om meir legde i Thermus enn i Fairytale, så vekstregulering kan vera nødvendig. Såmengde 23-25 kg/daa. Veksttid 113 dagar.

 

Cerbinetta, Vanille og KWS Irina er ikkje verdiprøvd i Norge. Dei har omtrent same veksttid som Fairytale. Alle har litt kortare strå enn denne og alle skal vere sterke mot sjukdommar. Brukt som maltsortar. Store korn gir såmengde på 24-25 kg/daa.

 

RGT Planet er to dagar seinare enn Thermus. Har stort avlingspotensiale og gjort det godt elles i Europa. I Norske forsøk avlingsnivå omtrent som Thermus (dårlegare enn Thermus i våre forsøk). Strålengde omtrent som Thermus, men sterkare strå. Sterk mot sjukdomar. Storkorna, såmengde 24-25 kg/daa.

 

Avhengig av kor fort Strand og Felleskjøpet går tom for eigen såvare kan mange ulike sortar bli aktuelle for å dekke såkornbehovet. Nabolanda våre er også ramma av tørken, så det er ikkje sikkert alle får den sorten dei ønskjer seg i 2019. Andre sortar enn dei nemnt over kan vere: Aukusti, Wolmari, Vertti, Alvari, Einar og Kaarle (tidlege 6-radssortar) Rusalka, Marthe (halvseine toradssortar).

 

Havre

Ringsaker er den tidlegaste havresorten og bør vere førstevalget i vårt område. Middels mot Fusarium og relativt gode DON-verdiar. Såmengde 19-21 kg/daa. Veksttid 108 dagar.

 

Odal er 3 dagar seinare enn Ringsaker. God kornkvalitet og sterk mot fusarium. God stråstyrke. Vurdert som beste alternativ til Ringsaker i vårt område. Såmengde 20-22 kg/daa. Veksttid 110 dagar.

 

Importsortane av havre kan også vere aktuelle i vårt område. Niklas og Akseli (Niklas har hatt best avling i forsøk av dei to) har litt kortare veksttid enn Ringsaker, medan Steinar har veksttid omtrent som Odal.

 

Kveite

Bjarne er den tidlegaste sorten og er førstevalget i vårt område. Er forholdsvis svak mot soppsjukdomar, så soppsprøyting kan vera aktuelt også til heilgrøde. Såmengde 18-20 kg/daa. Veksttid 120 dagar.

 

Krabat, Seniorita, Mirakel og Zebra har 125-127 dagar veksttid. Er alle sterkare mot sopp enn Bjarne Hos oss er tidlegheita til Bjarne det viktigaste argumentet for å bruke denne. Unntaket er brukt til heilgrøde dersom ein ikkje får tak i Bjarne.

Dekkvekst, grønfôr eller heilgrøde

Skal kornet brukast til grønfôr har ikkje sortsvalet så mykje å seie. Da kjøper ein det som er billegast/lettast tilgjengeleg. Ein kan også få god pris på fjorårets såkorn. Husk da å sjekke spireprosenten og eventuelt auke såmengda.

 

Til grønfôr kan ein 6-radssort med langt strå og mykje bladmasse passe bra. Til dekkvekst i gjenlegg passar det best å bruke ein kort, stråstiv 2-rader eller kveite.

 

Anbefalt såmengd for dekkvekst varierer mykje. På lett jord med lågt moldinnhald på indre strøk anbefaler vi opp til 16 kg/daa for 2-radsbygg og 14 kg/daa for 6-rads. Ved dei høgaste såmengdene vil ein få stor avling av dekkveksten og god effekt mot ugras. Men risikoen for å skade gjenlegget aukar. For å vere sikrare på eit godt gjenlegg kan det vere aktuelt å gå ned mot 10 kg. Ved bruk av kveite kan ein bruke full såmengd (18-20 kg/daa).

 

I kyststrøk med tyngre jord og rikeleg tilgang på vatn blir det ofte anbefalt såmengder på 5-8 kg/daa med bygg og havre, i enkelte tilfelle heilt ned i 3 kg/daa.

 

Har du lite erfaring med dekkvekst er det lurt å spørje ein nabo eller prøve seg fram med moderate såmengder i starten.

 

Til heilgrøde er det mest vanleg å bruke kveite. Den har ein del fordelar i forhold til bygg. Mellom anna utviklar den seg seinare og ein har eit lengre «vindu» når det gjeld å treffe optimal haustetid. Stivelseskvaliteten er litt betre i kveite. I tillegg er kveita stråstiv og slepper gjennom mykje lys, noko som er ein fordel der det er gjenlegg under. Men vi ser mange eksempel på vellykka heilgrøde av bygg også. Ein av fordelane med bygg er at det treng mindre veksttid enn kveite.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.