Kjøpe nytt såkorn av tidlege byggsortar og lagre havre og seine byggsortar til neste år?
Såkorn av god kvalitet taper lite spireevne ved overlagring, kanskje berre 2%. Dette kan gjelde i 2-4 år før ein får ein sterk nedgang i spireevne. Fleire faktorar vil spele inn på om nedgangen blir raskare. Ved dårleg kvalitet i utgangspunktet kan nedgangen i spireprosent gå fort. Det same gjeld ved dårlege lagringsforhold. Lagringa må vere tørr, luftig og smågnagarfri. Det er og meldt at Thermoseed-behandla såkorn kan ha ein rask nedgang i spireprosent. Vel ein å lagre såkorn til neste år bør ein ta spireprøve, helst ved å sende den inn til eit laboratorium.


Sortsvalg
Forutsett at ein rekk modning er det fordelar og ulemper med både 6-rads og 2-rads-sortane. Ved å gå for ein tidlegast muleg 6-radssort sparer ein nokre dagar om hausten og har større sjansen for å få den moden og tørr. 6-radssortane er litt meir robuste for dårlege vekstforhold enn 2-radssortane. 2-radssortane har jamt over eit betre strå, er mindre utsett for aksknekk og er mindre utsett for groing i akset. Dei fleste havresortane har veksttid omtrent som dei seine byggsortane. Såing av havre etter 25. mai gir stor fare for fritflueangrep og er ikkje anbefalt. Såing av kveite til modning i siste halvdel av mai er uaktuelt i vårt område.

LNV2
Klargjering av kornareal i Åndalsnes. Foto: Frode Grønmyr

Krav til veksttid
Kor mykje har vi att av vekstsesongen ved sein såing? Ved sein såing vil ein ta igjen noko av det tapte i starten sidan det vanlegvis er høgare gjennomsnittstemperatur både i jord og luft i slutten av mai/begynnelsen av juni enn det var ein månad tidlegare. Men på slutten av sesongen vil modninga gå seinare ved sein såing. Utover oktober vil innstråling og varme vere så liten at utviklinga er svært begrensa. Behov for veksttid blir oftast oppgitt i dagar f. eks Brage 104 og Thermus 113. Men ofte gir varmesummen eit betre bilete på behovet for veksttid.

Tabell varmesum dogngrader
Varmesum (døgngrader) mai-september i Møre og Romsdal 2016-2019. Gjennomsnitt for målestasjonane Surnadal, Tingvoll og Linge.

Tabellen over viser varmesum per månad i Møre og Romsdal dei siste åra. Grovt sett treng tidlege byggsortar 1200-1300 døgngrader (gjennomsnittstemperatur per døgn x antal døgn), seine byggsortar og havre 1300-1400 og kveite treng 1500-1600 døgngrader. I tillegg til dette kjem opptørkinga frå knappe 40% vatn ved gulmodning ned til 20%. Dette vil krevje 100-150 døgngrader. Vanlegvis reknar ein opptørking på 1-2% per dag, men til lengre utover hausten ein kjem dess tyngre blir opptørkinga. Vi ser av tabellen at det er teoretisk mogleg å nå antal døgngrader for modning for alle byggsortane ved såing først på juni. Så blir spørsmålet kor stor margin ein skal rekne inn. Mykje nedbør, særleg mellom aksskyting og modning aukar kravet til varmesum. Nordvendt jord har høgare krav til varmesum enn sørvendt. Tung (kald) jord har høgare krav enn lett jord. Solgangen utover ettersommar/haust er også viktig. Når sola forsvinn bak fjella stoppar modning og opptørking sjølv om varmen er der. Svak gjødsling og soppangrep fører til tidlegare modning, men går også ut over avlinga.
Lokalkunnskap må takast i bruk når ein skal vurdere kor mykje som eventuelt skal byttast ut i ein tidlegare sort. Kanskje er det aktuelt å spreie risikoen litt? Så ein del seine byggsortar dersom ein har kjøpt det, få tak i tidlege 6-radssortar på noko? Både Norgesfor og Felleskjøpet har ein del Brage på lager, men sidan situasjonen er den same i heile Midt-Norge kan pågangen bli stor.

Gjødsling
Forsøk på Austlandet har vist at avlinga kan bli sett ned med opp til 40% ved såing i månadsskiftet mai/juni i forhold til ved såing sist på april med same såmengde. Ved utsett såing bør ein vurdere å redusere gjødslinga noko. 40% av ei avling på 500 kg/daa er 200 kg. Dette tilsvarer ca 3 kg nitrogen (N). Men vi har også sett enkelte veldig gode avlingar ved sein såing i Møre og Romsdal. Det beste er difor delt gjødsling. Da brukar ein 70% av planlagt totalbehov ved såing og tek så ei vurdering om åkeren fortener dei siste 30% på buskingsstadiet.


Såmengde
Ved sein såing bør ein kompensere for dårlegare busking med større såmengde. Ein tommelfingerregel er å justere opp såmengda 1 kg per veke utsett såtid opp til ca 10% ekstra. Det vil seie 2-3 kg/daa ekstra ved svært sein såing.


Plantevern
Sprøyting mot ugras bør vurderast på vanleg måte. Sein såing og mindre busking kan gi meir lys til ugraset. Ved sein såing vil plantene vekse raskare og stråa blir tynnare og svakare. Vekstregulering kan dermed bli meir aktuelt. I 6-radsbygg vil soppsprøyting og vekstregulering med Cerone rett før skyting redusere faren for aksknekk om kornet må stå lenge utover hausten. Når det elles gjeld sopp blir dette ei vurderingssak. Vanlegvis er soppsprøyting i bygg lønnsomt. Her må ein vurdere avlingspotensialet i åkeren. Er potensialet lågt er betalinga for soppsprøyting liten. Er åkeren tynn tørkar den lettare opp og er mindre utsett for angrep. Soppsprøyting vil gi seinare modning, men tvangsmodning på grunn av sopp gir avlingsnedgang.

Kilder: