Det er 2-radsbygg som har høgast krav til jord og pH. Ein bør ha jord i god hevd og pH på 6,2 for å få godt resultat med 2-radsbygg; men husk at for høg pH gir fare for mangan- og sinkmangel. 6-radsbygg er litt meir robust med omsyn til vekstforhold og er jamt over tidlegare modent, men toler dårlegare å stå overmoden enn 2-radssortane. 6-radsbygg bør ha pH over 6,0. Havre toler betre låg pH (men helst ikkje under 5,6) og er ikkje så ømfintleg for dårlege vekstforhold som bygg. Unntaket er tørke der bygg klarer seg betre enn havre. Havre er dessutan bra som vekstskifte ved einsidig korndyrking.

Høgare avlingspotensiale

Dei seine sortane har i teorien høgare avlingspotensiale enn dei tidlege, men tidlege sortar gir litt meir å gå på når det gjeld å nå modning og opptørking. Dei tidlege sortane har også veldig høgt avlingspotensiale under optimale forhold. Her er lokalkunnskapen avgjerande, sidan soltimar og vindforhold er like viktig som temperatur seint i sesongen. Mange vel å ha ein kombinasjon av tidlege og seine sortar for å utnytte treskekapasitet og spreie risikoen.

6-rads bygg

Vertti er den tidlegaste sorten på markedet. Vertti har hatt lågare avling enn Brage i forsøk. Eit alternativ for den som har kort veksttid eller vil få treska tidleg. Såmengde 18-22 kg/daa Veksttid 99 dagar.

Heder (Felleskjøpet) har det beste strået blant 6-radssortane. Svakare enn Brage mot Grå øyeflekk og Spragleflekk. Såmengde 20-22 kg/daa. Veksttid 103 dagar.

Brage har vore den mest populære sorten i fleire år. Sterk mot sopp. Strået har ein tendens til å bryte saman mot slutten av sesongen. Som for dei fleste andre 6-radssortar vil vekstregulering og soppsprøyting rundt begynnande skyting gjera at den toler betre å stå overmoden. Såmengde 18-20 kg/daa. Veksttid 104 dagar.

Bredo er under oppformering og er tilgjengeleg kunn i små mengder til 2022. Ein dag seinare enn Brage og litt sterkare strå. Noko meir aksknekk og stråknekk enn andre sortar i forsøk Gjorde det godt i lokalt verdiprøvingsfelt i Sunndal i 2021. Såmengde 19-21 kg/daa. Veksttid 105 dagar.

Rødhette sein sort med høgt avlingspotensiale. Sorten skal vera sterk mot Byggbrunflekk og Spragleflekk, men dårlegare mot Grå øyeflekk. Ein bør difor vurdere ei tidleg soppsprøyting i denne sorten, særleg ved dårleg vekstskifte og mykje nedbør tidleg i sesongen. Såmengde 18-20 kg/daa. Veksttid 110 dagar.

Varkveiteaker sylte surnadal
Vårkveiteåker i Surnadal. Foto: Frode Grønmyr

2-rads bygg

Arild er ein tidleg 2-radssort. Langt, mjukt strå i forhold til dei andre 2-radssortane. Oppfører seg som ein 6-radssort når den står overmoden (aksknekk og stråknekk). Den har dermed større behov for vekstregulering og soppsprøyting enn dei andre 2-raderane. Såmengde 21-23 kg/daa. Veksttid 106 dagar.

Bente (Strand) Halvsein 2-radssort med høgt avlingspotensiale. God sjukdomsresistens. Såmengde 22-24 kg/daa. Veksttid 111 dagar.

Salome (Strand) er ikkje verdiprøvd i Norge, men vi har etter kvart ein del erfaring frå praktisk dyrking. Salome er ein intensiv sort med høgt avlingspotensiale. Den er ein kort sort med god stråstyrke og -kvalitet og skal vera bra mot sopp. Vi får tilbakemelding på at det er ein forholdsvis robust sort som ikkje bryt så lett saman. Såmengde 22-24 kg/daa. Veksttid 111 dagar.

Thermus er sorten med høgast avling i norske forsøk dei siste åra. Sorten har god stråstyrke og kvalitet. Noko mottakeleg for Spragleflekk Såmengde 22-25 kg/daa. Veksttid 113 dagar.

Vanille (Felleskjøpet) Sein sort med veksttid som Thermus. Store korn. God sjukdomsresistens. Såmengde 23-25 kg/daa. Veksttid 113 dagar.

Annika Ny på markedet i år. Minner om Thermus, men har ligge noko over i avling. Såmengde 22-25 kg/daa. Veksttid 113 dagar.

Havre

Ringsaker er den tidlegaste havresorten og er førstevalget i vårt område. Middels mot Fusarium og relativt gode DON-verdiar. Såmengde 19-22 kg/daa. Veksttid 108 dagar.

Odal er 3 dagar seinare enn Ringsaker. God kornkvalitet og sterk mot Fusarium. God stråstyrke. Vurdert som beste alternativ til Ringsaker i vårt område. Såmengde 20-22 kg/daa. Veksttid 110 dagar.

Haga har same veksttid som Odal. Høgt avlingspotensiale til å vere så tidleg. Svært utsett for Fusarium. Såmengde 19-20 kg/daa. Veksttid 110 dagar.

Ridabu er ein ny norsk havresort som er ein dag seinare enn Odal og Haga. Bra strå, litt svak mot Fusarium. Såmengde 19-21 kg/daa. Veksttid 111 dagar

Vinger er to dagar seinare enn Haga og Odal. Sterkt strå, yterik, sterk mot Fusarium. Veksttid 112 dagar. Såmengde 20-23 kg/daa.

Våler har veksttid som Vinger. Høgt avlingspotensiale, småkorna, middels mot Fusarium. Såmengde 20-22 kg/daa. Veksttid 112 dagar.

Belinda er ein sein havresort, to dagar seinare enn Vinger og Våler. Er hovudsort på Austlandet, men har ikkje gitt betre avling i forsøk i Midt-Norge. Såmengde 21-23 kg/daa. Veksttid 114 dagar.

Kveite

Helmi (Felleskjøpet) er ein tidleg finsk vårkveitesort. Kan vere begrensa tilgang i år. Litt over Bjarne i avling. Litt lengre strå enn Bjarne. Elles har vi begrensa med informasjon om dyrkingseigenskapane. Såmengde 21-23 kg/daa. Veksttid 117 dagar.

Bjarne er den mest brukte sorten i vårt område. Er forholdsvis svak mot soppsjukdomar, så soppsprøyting kan vera aktuelt også til heilgrøde. Såmengde 21-23 kg/daa. Veksttid 120 dagar.

Krabat, Caress, Seniorita, Mirakel, Betong og Zebra har 125-127 dagar veksttid. Er alle sterkare mot sopp enn Bjarne Hos oss er tidlegheita til Bjarne det viktigaste argumentet for å bruke denne. Unntaket er brukt til heilgrøde dersom ein ikkje får tak i Bjarne.

Dekkvekst, grønfôr eller heilgrøde

Skal kornet brukast til grønfôr har ikkje sortsvalet så mykje å seie. Da kjøper ein det som er billegast/lettast tilgjengeleg. Ein kan også få god pris på fjorårets såkorn. Husk da å sjekke spireprosenten og eventuelt auke såmengda.

Til grønfôr kan ein 6-radssort med langt strå og mykje bladmasse passe bra. Til dekkvekst vil ein kort, stråstiv 2-rader eller kveite sleppe gjennom meir lys og vere sikrare mot legde. 6-radsbygg og havre kan og fungere godt, men ein bør vere litt meir forsiktig med såmengde og gjødsling.

Naudsynt å variere

Anbefalt såmengde for dekkvekst varierer mykje. På lett jord med lågt moldinnhald på indre strøk anbefaler vi opp til 16 kg/daa for 2-radsbygg og 14 kg/daa for 6-rads. Ved dei høgaste såmengdene vil ein få stor avling av dekkveksten og god effekt mot ugras. Men risikoen for å skade gjenlegget aukar. For å vere sikrare på eit godt gjenlegg kan det vere aktuelt å gå ned mot 10 kg. Ved bruk av kveite, kan ein bruke full såmengde (18-20 kg/daa). I kyststrøk med tyngre jord og rikeleg tilgang på vatn blir det ofte anbefalt såmengder på 5-8 kg/daa med bygg og havre, i enkelte tilfelle heilt ned i 3 kg/daa. Har du lite erfaring med dekkvekst er det lurt å spørje lokal rådgivar, ein nabo eller prøve seg fram med moderate såmengder i starten.

Kveite

Til heilgrøde er det mest vanleg å bruke kveite. Den har ein del fordelar i forhold til bygg. Mellom anna utviklar den seg seinare og ein har eit lengre «vindu» når det gjeld å treffe optimal haustetid. Stivelseskvaliteten er litt betre i kveite. I tillegg er kveita stråstiv og slepper gjennom mykje lys, noko som er ein fordel der det er gjenlegg under. Men vi ser mange eksempel på vellykka heilgrøde av bygg også. Ein av fordelane med bygg er at det treng mindre veksttid enn kveite. Vi har fått tilbakemelding på betre smakelegheit på bygghalm enn kveitehalm.

Kjelder:

  • Jord- og plantekultur 2021, NIBIO
  • SPIRE Vårkorn 2022, Felleskjøpet
  • Vårkorn 2021-2022, Strand