Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Strand Unikorn medan Felleskjøpet sponsar frø.

I desse demonstrasjonsfelta har vi valt ut artar og blandingar vi meiner er mest aktuelle. I korn brukte vi 8 forskjellige artar/blandingar og fire ulike såtider. Ved dei to første såtidene vart det brukt blandingar med raigras og kvitkløver. Før tresking vart det brukt blandingar med reddik/vikke/honningurt. Etter tresking vart det sådd raigras, rug og havre i reinbestand eller blanding. I tidlegpotet sådde vi alt samtidig etter opptak av potetene, og her sådde vi 11 ulike blandingar.

Sortar/blandingar brukt i kornfelta:

  1. Fleirårig raigras og kvitkløver (Strand 56, 1 kg/daa)
  2. Italiensk raigras og kvitkløver (Strand 55, 0,85 kg/daa)
  3. Vikke, reddik, honningurt (Spire fangvekst ettårig, 5 kg/daa)
  4. Vintervikke, oljereddik, honningurt, blodkløver (Strand 62, 5 kg/daa)
  5. Haustrug (10 kg/daa)
  6. Raigrasbasert blanding med honningurt, blodkløver, kvitkløver og fôrraps (Spire fangvekst vinter allsidig, 3 kg/daa)
  7. Havre, oljereddik, honningurt (Spire fangvekst høst, 7 kg/daa)
  8. Westerwoldsk raigras (3 kg/daa)
Feltvert fangvekst i korn 2021
Feltverter fangvekstfelt i korn 2021

Sortar/blandingar brukt i potetfeltet

  1. Fleirårig raigras og kvitkløver (Strand 56, 1 kg/daa)
  2. Italiensk raigras og kvitkløver (Strand 55, 0,85 kg/daa)
  3. Vikke, reddik, honningurt (Strand 61, 5 kg/daa)
  4. Vintervikke, reddik, honningurt, blodkløver (Strand 62, 5 kg/daa)
  5. Vikke, reddik, honningurt (Spire fangvekst ettårig, 4 kg/daa)
  6. Vintervikke, fl. raigras, honningurt (Spire fangvekst flerårig, 6 kg/daa)
  7. Fl. raigras, honningurt, blodkløver, kvitkløver, fôrraps (Spire fangvekst vinter allsidig, 3 kg/daa)
  8. Havre, oljereddik, honningurt (Spire fangvekst høst, 7 kg/daa)
  9. Havre (20 kg/daa)
  10. Haustrug (10 kg/daa)
  11. Westerwoldsk raigras (3 kg/daa)

Feltvert i potet: Per Grødal, Sunndal. Potetsort Solist sådd 30. juni.

Vêret sommaren 2021

Varmesum Mog R 2017 21
Varmesum for april-september, 2017-21. Gjennomsnitt for målestasjonane i Surnadal, Tingvoll og Linge.
Nedbor Mog R 2017 21
Nedbør for april-september, 2017-21. Gjennomsnitt for målestasjonane i Surnadal, Tingvoll og Linge.

Med tanke på nedbør var sommaren 2021 litt spesiell. Dei fleste åra blir nitrogen (N) vaska ut på grunn av store nedbørsmengder i tida etter såing. I 2021 hadde verken mai, juni eller juli store nedbørsmengder, og det var inga utvasking.

Nedbørsunderskuddet var likevel ikkje stort, men på den lettaste jorda var det truleg litt dårleg mating av kornet på grunn av mangel på vatn. Varmesummen var og forholdsvis høg. Dei fleste felta låg i havre eller seint bygg, så kombinasjonen høg varmesum og seine sortar gav middels tidleg tresketidspunkt.

Resultat korn

Dekning i korn 2021 fangvekster
Dekningsgrad av fangvekst, gjennomsnitt for fire felt i korn
Bilde14 oktober 2021
Bilete frå fangvekstfeltet i Surnadal, oktober 2021. Frå venstre: Fleirårig raigras sådd samtidig med kornet, italiensk raigras sådd samtidig med kornet, fleirårig raigras sådd på kornets firebladstadium, italiensk raigras sådd på kornets firebladstadium.
Bilde15 to blandinger okt 2021
To blandingar med reddik/vikke/honningurt sådd ca. 3 veker før tresking, Surnadal, foto oktober 2021.

Erfaringar frå fangvekstar i korn 2021

  • I eit forholdsvis tørt år som 2021 var det best tilslag ved såing av raigras samtidig med kornet. Det var og best tilslag i åkrane som var tidlegast sådd.
  • Raigraset konkurrerte lite med kulturen også ved tidleg såing av fangveksten
  • Det meste av korndyrkinga i Møre og Romsdal foregår på sandjord som held dårleg på vatn. Dette gjer at ein er avhengig av nedbør tett på såing av fangvekst for god etablering. Dette forklarer nok at såing av fangvekst på kornets firebladstadium, slo forholdsvis dårleg til i 2021. Med ein fuktig forsommar hadde resultatet truleg vorte eit anna.
  • Reddik/vikke/honningurt sådd før tresking hadde bra tilslag i fleire felt, men rakk ikkje å vekse særleg mykje etter at kornet var treska. Dei fleste felta vart treska i begynnelsen av september, noko som er middels tidleg i vårt område. I Møre og Romsdal har ein truleg best sjanse for å lykkast med dette i tidlege 6-radssortar som er treska i siste halvdel av august.
  • Ingen av vekstane sådd etter tresking rakk å etablere seg godt. Av vekstane vi prøvde er det truleg haustrug som har størst sjanse til å fungere ved sein såing.
20211013 Rauma 2
Markdag i Rauma, oktober 2021.

Resultat potet

Potet fangvekstdekning 2021
Dekningsgrad av fangvekst etter tidlegpotet, eitt felt, oktober 2021. Frå delen av feltet som ikkje var sprøyta eller pussa.
Potet fangvekst okt 2021
Fangvekstar etter tidlegpotet, oktober 2021. Frå venstre blandingane 1, 2, 3 og 4.
Fangvekst potet 2021 okt
Fangvekstar etter tidlegpotet, oktober 2021. Frå venstre blandingane 5, 6, 7 og 8.
Tidligpotet fangvekst okt 2021
Fangvekstar etter tidlegpotet, oktober 2021. Frå venstre blandingane 9, 10 og 11.

Erfaringar frå fangvekstar etter tidlegpotet 2021

  • Dei største utfordringane for etablering av fangvekst etter tidlegpotet er veldig høgt ugraspress og nok jordfukt for spiring (lett, moldfri sandjord)
  • Små såmengder av raigras (rundt 1 kg) klarte ikkje konkurransen med ugraset.
  • Reddik/vikke/honningurt-blandingane konkurrerer veldig godt med ugraset. I blandingane til Strand var reddiken dominerande, og rutene var bortimot ugrasfrie. I blandingane frå Felleskjøpet var det meir innslag av vikke og honningurt, og litt meir ugras, men veldig bra konkurranse mot ugraset i alle desse rutene. Veldig stor biomasse på slutten av sesongen kan bli ei utfordring.
  • Haustrug sleit litt med å etablere seg i alt ugraset. Pussing, men særleg sprøyting gav veldig god etablering av haustrug.
  • Westerwoldsk raigras etablerte seg veldig godt.
  • Havren spirte godt, men forsvann seinare totalt. Ved såing av havre om sommaren kan både tørke og fritflue vere eit problem.
DJI 0128 red
Etter tidlegpotet har ein ofte behov for å bekjempe spirande potet for å unngå oppformeiring av tørråte. Vi utførte difor eit «tilleggsforsøk» med pussing (nedste del av feltet) og sprøyting med Starane XL (midten). Som venta hadde rug og raigras fordel av sprøyting og pussing, medan vikke, reddik og honningurt tålte det dårlegare. (Foto Lars Gunnar Flatvad)