Lamminga står for døra, og fokuset hjå sauebonden rettar seg absolutt i den retning no i desse dagar, det betyr likevel ikkje at sauebonden ikkje kan ha fleire tankar i hovudet samstundes.

Deltakarane i prosjektet Beste klimapraksis sau går lamminga i møte, med noko større medvit kring klima enn tidlegare. Og akkurat i lamminga er reduksjon av svinn eit viktig klimatiltak. Å redusera lamme- og fôrtapet, er noko som bidreg godt både for klima, lommeboka og sjølvtilliten til bonden. Gruppene har vore samla dei siste vekene, og diskutert seg fram til kva kvar enkelt kan gjera for å redusera klimautsleppet frå sin gard. Dette er positive og opne sauebønder som alle er innstilte på å gjera ein innsats for klima. Og ein veldig god bonus ut av å redusera klimagassutsleppet, er at det gjev både god økonomi og god agronomi. Alle deltakarar plukka ut eit klimatiltak for sin gard, og fleire vart då bevisste på å reisa heim for å sjekka pH på jordprøvene sine. Andre vart meir motivert for å drenera ein del av arealet sitt, noko som og kan gjera slåttearbeidet noko trivelegare for bonden.

Erfaringsgruppe Sogndal
Erfaringsgruppe Sogndal: Livleg og god diskusjon kring Klimakalkulatoren, før turen går ut i fjøsen f.v. Per Bjørkum, Ole Bjarne Hovland, Eirin R. Fretland, Endre Distad og Bjørn M. Hansen.

Ein viktig reiskap i prosessen med å redusera klimagassutsleppet er Klimakalkulatoren. Det kan vera utfordrande å vita kvar ein vil, når ein ikkje veit kvar ein er. Det var difor litt frustrasjon å spora mellom framoverlente sauebønder, at det er så lite samanlikningsgrunnlag i Klimakalkulatoren. Fleire av deltakarane i prosjektet har logga seg på Klimakalkulatoren på klimasmartlandbruk.no sjølv om det berre er grovfôrdelen som er klar til no. Klimakalkulatoren på sau er under utarbeiding, og kjem forhåpentlegvis om ikkje så alt for lenge.

Erfaringsgruppe Vik
Erfaringsgruppe Vik: Noko av det mest interessante ved deltakinga i prosjektet er å sjå andre sine fjøsar og arbeidsmetodar. Her er det Dag Einar Bøtun som syner fram fjøsen sin til Trine Østvik, Kristian Dvergedal Sætre og Kjell Egil Hopperstad.

Ved å ta eit e-læringskurs om Klimakalkulatoren kan ein ha rett på grøne lån, noko som er ei gunstig låneordning for investeringstiltak som bidreg til å redusera klimagassutsleppa. I tillegg er det no vedteke at det kan søkjast om tilskot til klimarådgjeving, enten i grupper eller ein til ein-rådgjeving, gjennom ordninga Regionalt miljøprogram til Statsforvaltaren. Dette tilskotet er innført i ein pilotfase på tre år, så no gjeld det å gjera seg nytte av å få tak i mykje god rådgjeving. Målet må vera å betra økonomien til bonden, og redusera klimagassutsleppa.

Erfaringsgruppe Vik1
Erfaringsgruppe Vik: Dag Einar Bøtun demonstrerer noko av det utstyret han nyttar for å redusera lammetapet rett etter fødsel. Kristian Dvergedal Sætre, Trine Østvik og Kjell Egil Hopperstad følgjer med.