Synleg skade av vinden som knekte greiner har dei fleste lagt merke til, i bringebær kan vinden knekke så mange skot og sidegreiner at gjer økonomisk skade. I mange andre planter kan vind gi slitasjeskadar på blada. Langvarig vind fører også til sterk uttørking av jord og planter. Plantene er avhengig av gassutveksling med omgivnadane derfor kan svak vind vere ein fordel. I tillegg skjer mykje spreiing av pollen, soppsporar og skadedyr med vinden. Klimaet på våre kantar varierar sterkt. Somme tider kan vinden gjere skade. Andre gongar kan det vere ein fordel med litt vind slik at det tørkar fortare opp.

Anding og fordamping

Største delen av fordampinga frå planta skjer gjennom spalteopningane på blada. Spalteopningane er celler som er spesiallage til føremålet, dei kan opne og stenge etter behov. Fordampinga har to viktige føremål. For det første er fordampinga frå spalteopningane viktigast drivkrafta for å transportere vatn og næringsstoff frå rota og oppover i planta. For det andre kan fordampinga hjelpe til med å kjøle ned bladet ved høge temperaturar. Sjølv om spalteopningane ofte utgjer berre 1 % av bladflata kan dei ha veldig stor fordamping, om lag like stor som frå ei fri vassflate. Planta forbrukar oksygen til forbrenning, akkurat som alle andre organismar. Oksygen får planta gjennom andinga, som også hovudsakleg skjer gjennom spalteopningane. I fotosyntesen produserar grøne planter karbohydratar av CO2 og med lyset som energikjelde. Det meste av CO2 tek planta opp gjennom spalteopningane.

Planta er altså avhengig av gassveksling med omgivnadane. Nær ei kvar overflate vil det vere eit lag med meir eller mindre stilleståande luft, dette grensesjiktet er gjerne 10-15 mm i vindstille og 4-5 mm eller mindre i vind. Dersom det er vind rundt planta vil grensesjiktet verte tynnare enn utan vind. Svak vind vil derfor vere ein fordel for mange planter, fordi planta då kan få tilført meir CO2. Det er såleis vist at produksjonen i planta aukar i svak vind opp til 0,5-1,0 m/s. Ved vindhastighet over 1,0 m/s vil det for dei flest planteartar vere så sterk fordamping at dei finn det for godt å stenge spalteopningane. Med stengde spalteopningar vil planta heller ikkje kunne ta opp CO2 som ho treng i fotosyntesen, og produksjonen av karbohydratar vil gå ned. I eit maisfelt er det målt ein klar nedgang i CO2 midt på dagen når fotosyntesen er på det høgaste. Ofte kan også litt auke i fordampinga vere ein fordel ved svak vind, auka fordamping trekker vatn og næringsstoff oppover i planta og ut i blada. Fordampinga er påverka av mange faktorar i tillegg til vind, f eks luftfuktigheita og energibalansen. Energibalansen vert påverka av inn- og utstråling i tillegg til fordampinga. Ved høg innstråling (sterkt lys) og vind vil fordampinga vere særleg sterk, og det skal lite til før planta stenger spalteopningane.

Avkjøling

I sol og stilleståande luft kan bladtemperaturen vere 20-40 grader celsius sjølv om lufttemperaturen berre er 5-10 grader celsius. Hos dei aller fleste planter vil fotosyntesen gå ned når ein kjem over 25-30 grader celsius. Sjølv ved svak vind vil bladtemperaturen fort bli senka, ved høg bladtemperatur er det altså nyttig at blada vert avkjølt. Likevel vil bladtemperaturen nesten alltid vere høgare enn lufttemperaturen i vårt klima. Under andre himmelstrøk med svært høge lufttemperaturar kan det ofte skje at bladtemperaturen er lavare enn i lufta når det ikkje er sol, i så fall kan vind faktisk føre til oppvarming av blada.

Vindslit

Vind kan føre til synleg skade som knekte greiner, blad, stilkar osv. Vind kan også gi slitasje på blada, bladoverflata kan då verte matt, grå eller brun. Alt dette kan gi redusert vekst og avling. Særleg på lett sandjord kan fykande jordpartiklar slite på plantene. I bladgrønsaker er vindskade og sandkorn ein kvalitetsfeil. Legde i korn og gras er også ein veldig synleg verknad av vind, dette vanskeleggjer haustearbeidet, og gir redusert avling og kvalitet. I mange fruktslag kan vind gjere enorm skade når det nærmar seg hausting ved at frukta kan falle av og bli øydelagt.

Verknad på vekst og avling

Det er stor skilnad på planteartane kor godt dei toler vind. Mange planter trivst best ved 0,3-0,8 m/s. Ømtolige planter reagerar negativt på vinstyrke over 2 m/s, andre toler godt vind på 5-6 m/s. Ved vind over 8 m/s vert det gjerne knekte blad, greiner og skot. Det er gjennomført svært mange og langvarige forsøk med le til kulturplanter og alle viser ein merkbar avlingsauke for dei fleste kulturplanter.

Vekst

Avlingsauke i le %

Gras med kløver

12

Raigras

0-50

Kveite, rug, havre

10-70

Potet

10-50

Betar

1-20

Eple

20-90

Pære

100

Jordbær

7-70

I tabellen er det ført auke i nyttbar avling, men det er også registrert vekstauke i heile planta f eks i korn og potet. I jordbær har le auka bladmassa med 5-21 % og talet på blomsterklasar 30-77%, men le hadde ingen effekt på bærstorleik. Det er elles vist at le kan gi tidlegare hausting i hagebruksvekstar som jordbær, medan det i korn kan gi seinare modning. Elles er verknaden av le avhengig av snømengde, nedbør, jordtype osv.

Le

Verknaden av le på plantevekst har truleg vore kjend like lenge som det har vore drive jordbruk. Fordelen med le er direkte med mindre vindslit på plantene og auka fotosyntese, det kan også vere indirekte med mindre uttørking og meir snødekke bak le. Bak le er det gjerne om lag 1 grader celsius høgare temperatur i gjennomsnitt, men skilnaden kan kome opp 3-5 grader celsius om dagen. Om natta kan det vere lavare temperatur bak leet. Heilt tett le er ikkje det beste, det gir sterke kvervlar på baksida. Beste le-verknaden får ein med ein holprosent på 35-50, det gir minst turbulens på baksida. Verknaden av le vert rekna i høve til høgda på leveggen, som regel er den positive verknaden av le 10-20 gongar høgda på leet, f eks med eit le på 3 m vil det ha ein positiv verknad på 30-60 m. Frå gammalt har det vore brukt skigardar og ymse tre eller buskar som le, levande lebelte er framleis aktuelt er mykje brukt. I våre dagar finst det nylonnett og liknande som gir god le, men dei må sjølvsagt festast og bardunerast godt. Men det er også ulempe med le, dei kastar skugge og dei vil ofte vere i vegen for arbeidet, særleg ved bruk av store maskiner. Levande le brukar i tillegg vatn og næring frå jorda. Stilleståande luft kan føre til større angrep av sjukdommar og skadedyr, særleg i hagebruksvekstar kan det vere merkbart. Alt le vil kaste skugge over kulturplantene noko som ofte er negativt. Siste tiåra har ulike typar duk som dekke over plantene vorte meir og meir vanleg å bruke i grønsaker og jordbær. Fiberduk er mest brukt, men også plast, holplast og vevd duk er brukt. Dekking med duk gir betre vekst i dei fleste planter, det gir også betre overvintring i jordbær, dette er truleg eit resultat av jamnare temperatur og jamnare luftfuktighet. Den positive effekten av dekking med duk er altså mykje det same som ein oppnår med le.

Spreiing av pollen, insekt og sopp

For mange planter kan vinden vere nyttig fordi dei er avhengig av vind som transportmiddel for pollen. Meir negativt er det vind også kan speie sjukdommar og skadedyr. Til dømes bladlus og midd kan verte spreidd passivt med vinden, det same gjeld soppsporar.