Klimanormalar blir brukt som referanse for å samanlikne endringar i klimaet, både frå tidlegare periodar til i dag, og frå i dag til eit berekna framtidsklima. Klimanormalar kan også nyttast til å samanlikne klimaet på ulike stader. I tider med betydelege klimaendringar er dette eit nyttig og viktig verktøy.

I følgje Norges Meteorologiske Institutt har gjennomsnittstemperaturen for Norge auka med over ein grad Celsius etter 1900. Dette er ikkje langt unna den globale temperaturauken, men likevel skil Norge seg litt ut med at vi hadde ein relativt kjøleg periode i 1960-åra og det same rundt 1980. Perioden 1961-1990 var derfor kaldare enn perioden 1931-1960, og gjennomsnitt for landet berre litt varmere enn perioden 1901-1930. Frå 1980 har det derimot vore ei betydeleg oppvarming og perioden 1991-2020 er såleis den klart varmaste normalperioden hittil, både for landet som heilheit og i alle landsdelar (www.met.no).


Klimaendringar og konsekvensane – så langt

Stabbetorp m.fl. (2021) har stilt saman gamal og ny klimanormal for lokalitetar på Sør- og Austlandet, Rogaland og Trøndelag representert ved Kvithamar i Stjørdal. Data frå Kvithamar vil sjølvsagt ikkje være dekkande for heile Trøndelag, frå fjord til fjell, nord til sør, men det gir ein god peikepinn. Vi håpar etter kvart å få normalar også for andre lokalitetar.

Samanstillinga viser at det først og fremst er vintrane som har blitt varmare og våtare i Trøndelag (Tabell 1). Likevel har det vore ein auke i varmesum også i vekstsesongen (1.mai-31.september) med 120 døgngrader. Forskjellen i nedbørsmengd i vekstsesongen mellom siste og førre 30-årsperioden er derimot ubetydeleg (7 mm).

Saman med tidlegare vår (varmare april) har denne auken i temperatursum hatt vesentleg betydning for kornprodusentane, meiner kollega Jon Olav Forbord. «Det har gjort det muleg/mindre risikabelt å satse på artar og sortar med høgare krav til veksttid enn før, bl.a. vårkveite og seine sortar av 2-radsbygg, samt auka mulegheiten til å få fram havre til modning, sjølv i år med sein vår og forseinka såtid.

For gras viser noteringar gjort på Kvithamar i løpet av dei siste 20 åra at det ikkje har vore systematiske endringar i tidspunkt for begynnande skyting hos Grindstad timotei (Figur 1, A.K. Bakken, pers.medd). Forklaringa er at høgare temperatur i april har vore til liten «nytte» ettersom temperaturen i mai og juni har vore tilnærma uendra..

Høgare temperaturar lenger utover sommaren kan derimot ha vore medverkande til ein god del tar ein ekstra slått og/eller avbeiting, samanlikna med vanleg praksis for 30 år sida eller meir. Likevel er dette berre ein del av forklaringa, ettersom driftsopplegget generelt har blitt meir intensivt ut frå ei målsetting om høgare fôrkvalitet til meir høgtytande dyr. Varmare og «lengre» haust gir lite ekstra biomasse/avling ettersom lys er den mest begrensande faktoren for grasvokster på denne tida av året på våre breiddegrader. Dette, saman med fleire slåttar kan forklare at avlingsnivået ikkje synest å ha uka nemneverdig i grasproduksjonen dei siste 20-30 åra. Varmare haustar og seinare start på kuldeherdinga kan på den andre sida påverke overvintringa og neste års førsteslått negativt , sjølv om vi ikkje har dokumentasjon på at dette har blitt eit aukande problem.

Tab1 Klima
Tabell 1. Gamal (1961-1990) og ny (1991-2020) temperatur og nedbørsnormal for Kvithamar, Stjørdal. (Stabbetorp mfl. 2021).

Dei fleste spådommane for framtida peiker i retning av at den globale temperaturstigninga vil halde fram. Kor fort dette vil gå, og kva konsekvensar det vil ha for det trønderske landbruket i dei nærmaste åra, er vanskeleg å sei noko om. Likevel er det vanskeleg å sjå føre seg at vekstar som t.d. åkerbønner (med høgt krav til veksttid) eller mais (med høgt krav til temperaturar både over og under bakken) vil kunne gi årssikre avlingar i flatbygdene i Trøndelag, eller at fleirårig raigras blir like vanleg som timotei og engsvingel i fjellbygdene på enda ganske mange år.

Det som er sikkert, er at vi slepp å vente 30 år på den neste klimanormalen. I samsvar med internasjonale bestemmelsar, vil normalane heretter bli fornya kvart 10. år. Den neste normalen vil såleis kome i 2030 og være basert på perioden 2001-2030.

Fig1 Klima
Figur 1. Tidspunkt for begynnande skyting hos Grindstad timotei på Kvithamar i perioden 1995-2020 (pers.medd. Anne Kjersti Bakken, NIBIO).