Ved val av harvtype, er den generelle tilrådinga ein relativt brei spiss, om nødvendig med vingeskjær for å få til god innblanding når djupna er inntil 10-12 cm. Ved større harvdjup skal spissen vera smalare. Alle forsøk gjort på leirhaldig jord i Trøndelag, sjølv om det er noen år sida dei fleste vart gjennomført, viste at tinder var betre enn skål.

Interessa for plogfri jordarbeiding er for tida aukande. Det kan vera mange grunner til det. Internasjonalt er det mye skriving om regenerativt jordbruk med grunn jordarbeiding og negativ effekt på jordlivet ved bruk av plog. Tiltrua til rask endring av moldinnhaldet i jorda er også stor, berre pløyinga blir sløyfa.

Vel så viktige grunner til å vurdere plogfri eller redusert jordarbeiding er drivstofforbruk og kapasitet i våronna. Etter kvart som arealet auker og på kvar driftseining, gir det utfordringar med tilgjengeleg tid for å gjera våronna under lagelege vilkår.

Harvtype

I dei gamle forsøka på leirjord, fekk ein best resultat ved harving haust og vår. Første harving skal i prinsippet gjerast like etter trøsking for å blande inn spillkorn, halm og agner. Da er det nok med 3-5 cm harvdjup. For å lykkast med det må harvspissen vera brei nok. Basert på resultat frå forsøk i regi av Stjørdal og omegn forsøksring på 1990-talet, er det mye som tyder på at universalharva for redusert jordarbeiding i Trøndelag er tindbasert. Da vart bl.a. skålharver og tindharver med gåsefotskjær samanlikna på alle aktuelle jordarter. Generelt var avlingsstabiliteten best med stubbkultivator basert på tinder.

Dette samsvarar også bra med erfaringar frå Danmark. I ei oppsummering om val av tanntype ved redusert jordarbeiding, gjort av dansk landbruksrådgiving, er tilrådinga ei harvtann som er 80 mm brei ved harving i 3-5 cm djupne. Den same harva er godt egna til vårharving i inntil 10-12 cm djup. Om det berre er ei haustharving for innblanding av spillkorn, halm og agner, vil harver dominert av skåler også gi eit godt resultat.

Sannsynleg hovudårsak til at det vart meir stabile og generelt høgare avlingar etter vår og haustharving med tindebaserte harver enn harvtyper dominert av skåler, er evna til å tole store nedbørsmengder i perioden frå såing til strekningsveksten er i gang. Sjølv om det ikkje vart dokumentert med målingar, så vart det peika på at skilnaden låg på evna til å infiltrere store nedbørsmengder på relativt kort tid. Skålbasert harver lagar ein annan botn, enn harver med tinder. Denne effekten er truleg vesentleg viktigare i vårt område enn i områder med vesentleg mindre risiko for store nedbørsmengder etter såing.

Harvdjup

Den generelle tilrådinga er å harve ned til 10-12 cm djup, før såing av vårkorn. For å lage såbeddet er harvtinder med inntil 80 mm breidde godt egna. Med høveleg avstand mellom harvtinda, er det ikkje nødvendig med vingeskjær for å få til ei god nok innblanding av halmen. Vingeskjær er berre nødvendig på harver med for lang avstand mellom harvtinda til å få ei god nok innblanding av planterestane.

Kjørehastigheit

For å oppnå god innblanding skal kjørehastigheita ligge mellom 10-15 km i timen. Effektbehovet er styrt av arbeidsdjup og jordart. I forsøka på 90-talet vart harvinga gjort med fjærande tinder. Denne typen er vesentleg rimelegare enn harver med stive tinder. Etter som det generelt er lite å hente på å harve djupare enn 20 cm, er derfor den generelle tilrådinga å velje harver med fjærande tinder, i ei arbeidsbreidde som passer tilgjengeleg traktor.

Tindeavstand er eit kompromiss mellom halmgjennomstrømming og molding av jorda. Basert på dei forsøka vi gjorde og seinare erfaring med ulike harvtyper, tyder mye på at harver med fjærande tinder og ein avstand på om lag 18 cm er eit godt kompromiss.

For å sikre stabilt arbeidsdjup er det gunstig at harva er utstyrt med pakkevalse. Den skal knuse klump og pakke jorda godt nok til at såkornet får tilgang på fukt og næring. Bortsett frå at pakkaren må ha stor nok diameter til å unngå at jorda hopar seg opp, er det ikkje lett å avgjere om den eine typen er å føretrekke framfor den andre.

Skjermbilde 2021 02 21 194636
Tabell 1. Vegledande effektbehov i hk pr. meter harvbreidde ved ulik arbeidsdjupn.
Ploeying
Utover i forsøksperioden vart skilnaden på metodane mindre og mindre.