Høsteprognoser grovfôr - traff vi?

15.12.2020 (Oppdatert: 29.01.2021) Frode Grønmyr

Landbruk Nordvest testa ut for første gong høsteprognose på grovfôr sesongen 2020. Korleis gjekk det?

Før førsteslåtten i år prøvde vi i Landbruk Nordvest oss med haustetidsprognosar for Tingvoll og Surnadal. Vi har fått positive tilbakemeldingar på dette, og kjem til å fortsette til neste år. Dette kan aldri bli ein fasit som gjeld alle, men vil kunne gi ein peikepinn på utviklinga av graset nokre dagar fram i tid, og kanskje fange opp noko av årsvariasjonen. Vi kjem truleg også til å ta nokre prognoseprøver før andreslått neste år. I år såg vi at på grunn av tørken var det vanskeleg å bruke døgngrader til å anslå rett tid for andreslått, så ein prognoseprøve kan vere nyttig i slike tilfelle.

Måten dette blir gjort på er uttak av grasprøver som vi får analysesvar på i løpet av nokre dagar. I tillegg anslår vi utviklingstrinnet på graset. Dette blir sett inn i NIBIO sin grovfôrmodell. Her blir klimaregistreringar og modellar for kvalitetsutvikling i gras kombinert med grasprøver og registrert utviklingstrinn. Ein kan da få ein prognose for utviklinga av graset så langt fram som vêrmeldinga gjeld (10 dagar). Ein kan også anslå utvikling lengre fram i tid, men må da basere seg på ulike framtidige vêrutsikter.

Prognoseprøvene i Surnadal vart tekne på Sylte. Vi har fått låne fôrprøvene frå førsteslått-ballane på skiftet der vi tok prognoseprøvene. I tabellen under ser vi korleis prognosane slo til i forhold til reell fôrverdi. Det var veldig varmt og drivande vêr i tida før slått. Modellen spådde noko raskare nedgang i energiinnhald enn det fôrprøven viser, men er tross alt ganske nær.

 
FEm
NDF
Prognose 15/6
0,84
666

Fôrprøve av rundball slått 14/6

0,87
534

Tabellen viser prognose i forhold til fôrprøve av rundball fra Sylte, Surnadal.

 

Når det gjeld NDF er denne langt høgare i prognosane. Grunnen til dette er høge verdiar i grasprøvene som låg til grunn for prognosen. Om dette kan skuldast prøveuttak eller analysemetode må vi prøve å finne ut til neste år.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.