Grovfôrskolen

09.01.2019 (Oppdatert: 09.01.2019) Nina Iren Ugelvik

I slutten av november vart det arrangert fyrste samling av vårt nye rådgivingstilbod "Grovfôrskolen". I år er det to parallelle grupper som køyrer same løp, ei gruppe i Romsdalsregionen og ei på Indre Nordmøre.

I slutten av november vart det arrangert fyrste samling av vårt nye rådgivingstilbod "Grovfôrskolen". I år er det to parallelle grupper som køyrer same løp, ei gruppe i Romsdalsregionen og ei på Indre Nordmøre.

Formålet med rådgivingstilbodet er å auke kunnskapen om grovfôrdyrking og grovfôrhandtering på eigen gard både når det gjeld økonomi, kvalitet og avlingsnivå. Samtidig skal deltakarane ha høve til å utveksle erfaringar seg imellom for å gjer kvarandre gode.

 

Samanlikna fôrprøver

I forkant av samlinga hadde deltakarane teke ut fôranalysar og vegd rundballar. Resultata frå dette vart naturlegvis hovudtema på fyrste samlinga. Å kunne tolke verdiane i ei fôranalyse, samt sjå samanheng i verdiane opp mot kvarandre, kan verke utfordrande. Deltakarne fekk gått igjennom dette i plenum, samt diskutert kva som kan gje utslag i forskjellar mellom dei. (Val av såblanding, gjødslingspraksis, haustetid, ensileringsprosess etc.) Deltakarane har og fått surfôrtolken på 2 av dei 4 fôranalysane, for å setje fokus på kva ein kan gjer av forbetringar ute på teigane neste sesong for å betre fôrkvaliteten.

 

Tre samlingar til

Det gjenstår tre samlingar og ei markvandring, så dei to gruppene har endå mykje å sjå fram til. Før neste samling på nyåret skal alle deltakarane ha gått igjennom grovfôrøkonomien sin ilag med rådgivar. Her skal ein sjå på alle kostnadar knytt til sin grovfôrproduksjon. Både dyrkingskostnadar og haustekostnadar. Målet er å bevisstgjere om kva som er bra økonomisk i grovfôrlinja no og kva som kan forbetrast. Grovfôrøkonomi-programmet vi nyttar er det same programmet som vart brukt hos alle deltakarane i Grovfôr 2020 i fjor, så ein har høve til å samanlikne seg opp i mot disse òg.

 

Nye kull

I 2019 blir det nye kull i "Grovfôrskolen" som får same opplegg som dei to gruppane som no er i gong. Er ein nysgjerrig på kva opplegget går ut på eller kan tenke seg å delta, ta kontakt med din rådgivar.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.